Nyheter, Videoer

TRA tilbake til 2001

14 apr , 2012  

Thomas R. Aasen har laga ny video, og viser på nytt kva sykkeltalent 28-åringen faktisk er. Evna hans til sprenge grenser, og vere med på å forme sporten er store. Biketrial.no tok ein kort prat med Thomas, som alltid har  mykje på hjartet. Han forteller litt om korleis «nye» TRA har det.

– Etter 12 år i sporten der eg satsa på rein teknisk trial, og ikkje klarte å oppnå det eg ønska, er det utruleg frigjerande å kunne satse mer på min eigen stil. Han har innsett at ein må velge denne retningen skal ein bli akseptert og annerkjend utanfor biketrialmiljøet. – Heldigvis er dei «triksene» som folk syns er så kule, faktisk rimeleg enkle, seier han.

Det er hovudsakeleg sykkelen hans, ein Inspired Hex, som skaper så stor fridom og fleksibilitet i syklinga. Likevel har det sine baksider: – Eg har alltid hatt ein ting for å kunne gjere høge sidehopp. Med denne sykkelen er det rimeleg frustrerande til tider, då eg knapt klarer dei sidehoppene eg gjer i søvne på ein rein trialsykkel. Men, ein kan aldri få alt ein vil!

Det er tidkrevjande å lage gode trialfilmer, spesielt når eg må lære seg mykje nytt undervegs. Thomas har brukt to og ein halv månad på dette videoprosjektet. Som vanleg møtte han ein del motgang, i form av blant anna mykje dårleg vêr. Dette har gjort at det er mange triks han ønsker å ta, men som han endå ikkje har fått tid til å lære seg. I tillegg hadde han ein liten skade som øydela mykje: – Noko av det sureste var at mot slutten av videoen så falt eg, slik at eg måtte vere av sykkelen i omlag 10 dagar. […] Det er dei lengste 10 dagane eg nokon gong har hatt, seier Thomas.

Dei som har fulgt litt med i det siste, har sett Thomas på riksdekkande TV opptil fleire gongar. Mykje har skjedd, og han har endeleg fått ein skikkeleg sponsor som tør å satse på ein gal ålesunding. Dette gjer at fokuset kan vere meir retta mot å sykle, og mindre mot å skaffe penger til mat på bordet. – Det blir sjølvsagt mykje jobbing, men når mesteparten av jobben er å vere på sykkelen, er jo det heilt supert, forklarer han. For mykje jobb er det: – Då eg laga innslaget til Påskekveld (NRK1), varte det i to og eit halvt minutt. Dette tok oss 9,5 time å filme!

Motivasjonen auker òg når medgangen kjem. Men, det er ikkje berre medgang og merksemd som skaper motivasjon. – Sykkelen har òg mykje å seie på motivasjonen, det er så frigjerande for meg å kunne «slappe av» litt meir med denne type sykling, seier Thomas.

Dei fleste har sikkert allereie byrja å glede seg til neste film. Kva kan ein forvente seg, Thomas? – Ideen blir hovudsakeleg å igjen satse mykje på humor og oppfinnsomhet, men legge til stilege triks, flotte bilete og fleire eigenlaga hopp. Kort sagt, den neste skal bli endå meir spennande! Likevel advarer han: – Ikkje sett dykk ned og vent. Denne videoen vil eg nok bruke lang tid på, eg har mange gode ideer og planar som eg vil realisere.

Er det noko du vil seie til slutt? – Eg vil nemne min første ordentlege sponsor, som ser håp i meg som ingen andre før har gjort. Takk så mykje til dei! (breclothing.com)

Tusen takk til Thomas for gode svar, og lukke til med neste prosjekt!

/Eirik


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *