Nyheter, Trening

Treninger i Oslo

8 sep , 2011  

Det blir starta opp treninger for biketrial i Oslo framover. Kvar fredag frå kl. 17:00 til 18:30 vil me samlast på Osloungdommens Motorsenter på Hvervenbukta i Oslo. Området har enorme areal med egna terreng for biketrial, samt innendørshall om regnvêr og snø. Treningene kan dermed fortsette gjennom heile vinteren.

Første treningsdag blir no førstkomande fredag 09.09.2011. Ta med drikkeflaske og lappesaker.

Trener vil bli Eirik Ulltang, trenerstudent ved Norges Idrettshøgskole og aktiv utøver. I tillegg vil Erik Solbakken og Joachim Skjævestad assistere når dei har anledning. Det vil vere treninger med preg av hygge og mestring, og alle skal føle seg velkomne til å delta. Ingen krav til nivå eller erfaring. Me ønsker veldig gjerne motortrialkøyrarar velkomne, då fredagen ikkje skal kræsje med anna organisert trening.

Ønsker du å prøve biketrial, har motorsenteret ein del Monty trialsykler til utlån (desse må du leige til 50kr).

Det er ikkje avklart noko pris for bruk av hallen, men det er mulig eit lite støttemedlemskap til motortrialklubben må betalast (dei eig hallen). Me vil etterkvart informere om medlemskap i sykkelklubb, slik at alle er forsikra under trening. For å bruke fasilitetene ved motorsenteret, med verkstad, dusj/do og varmestove, må du betale medlemskap. Dette koster 150,-/år for dei under 18 år, og 250,-/år for dei over.

Meir informasjon om motorsenteret, og korleis du kjem deg dit finner du her: http://omsmotorsenter.no/

Vel møtt!

 


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *