Nyheter, Trening

Treningstips: Björn Levin

28 okt , 2010  

Her får du dei beste treningstipsene frå sju gonger svensk mester, Björn Levin. Han har lang erfaring som konkurransesyklist, med nesten 200 konkurranser på samvitet.

Korleis går det med dei fysiske førebuingane for neste sesong?
Utenom sesongen (oktober-mars) førebur eg meg for den komande sesongen ved å trene så mykje som mogleg uten sykkelen. Eg trur det er naudsynt å gjere noko anna enn å sykle biketrial fem gonger i veka, om du vil at kroppen skal vare i mange år. Avhengig av vêret, prøver eg å vere 3-4 dagar i veka på treningssenter. Eg gjer for det meste gruppetreningar, som til dømes spinning. Ikkje tunge vekter, men mange, mange repetisjonar. Eg køyrer motorcross 1-2 gonger i veka, det hjelper på uthaldet, og er både veldig bra og morosam trening på same tida. Eg sykler biketrial omlag éin eller færre gonger i veka. Me har ein keisam innandørshall, og det er bra å bli svolten på ein ny sesong med mykje sykling.

Er det nokre spesielle kvaliteter du vil forbetre denne vinteren?
Eg håpar å forbetre meg på å ta hinder med fart i staden for sidehopp og stilleståande hopp. For augneblinken kan eg gjere høgare hopp utan fart, enn med fart, noko som er ganske merkeleg. Men, det har alltid vore slik for meg…

Kor mange timer trener du i løpet av ei veke? Kor mange av dei er biketrial?
8-12 timer fysisk trening. Utenom sesongen (oktober-mars) to timer eller mindre med biketrial, og i sesongen 8-12 timer.

Trener du spesifikt for å betre styrke og spenst?
Ikkje eigentleg, prøver berre å ikkje gjere 20 sidehopp med maksimal innsats kvar trening, fordi det sliter ut kroppen. Det har ikkje så mykje å seie om eg tar 135cm eller 137cm. Det er meir viktig å klare å gjere 130cm frå alle moglege avsatsar og landingar.

Kva er, etter di mening, den viktigste fysiske eigenskapen til ein trialsyklist?
Eg trur eg må seie uthald. I ein konkurranse må du prestere like bra i første seksjon som i den siste. Sjølv om det er 40 grader ute og konkurransen varer i 7-8 timer.

Er andre kvaliteter enn dei fysiske viktigare?
Det mentale perspektivet er, om ikkje viktigare, minst like viktig som dei fysiske kvalitetane. Spør kven som helst om dei kunne gjort det betre i alle seksjoner etter ein konkurranse, og alle ville svara ja. Eg trur, generelt sett, at topputøvarar fotar meir på grunn av nervøsitet eller dårleg konsentrasjon, enn dei gjer på grunn av nivå eller uthald. Iallfall trur eg det i dei fleste tilfeller.

Kva er ditt tips til syklister som vil bli betre, bortsett fra å sykle mykje?
Konkurrér mykje, ha det kjekt, og sjå og høyr på folk som syklar betre enn deg. Prøv å sykle så mykje som mogleg med utøvarar som syklar betre eller heilt ulikt deg. For eksempel foretrekker eg å trene med Joacim Nyman og Martin Kleivard, fordi begge har kvalitetar eg ikkje har. Joachim syklar med høgre fot fram, og hoppar til mi «dårlege» side. Difor gjer han mykje eg ikkje ville prøvd åleine. Martin køyrer 26″, som er veldig ulikt frå 20″.

Korleis trener du teknikk? Prøve og feile, eller meir systematisk?
Eg prøver å ikkje vere for sta. Om du prøver det samme sidehoppet i to timer lærer du eigentleg ikkje så mykje. Prøv heller noko anna ei stund, og kom tilbake seinare.  Eg prøver å sykle så varierande som mogleg, for å bruke alle teknikkar eg har. Å ha ein høg standard gjennom øktene gjev best resultat. Å klare to meter høge sidehopp til høgre side er ikkje verdt noko, om du ikkje kan hoppe til venstre, og er i ein seksjon som krever det. Viktigast er å ha det kjekt og å føle seg bra, ingen stress eller hovudverk. Då eg var yngre trente eg meir systematisk med seksjonar på to minutt og så vidare. Idag  har eg så mykje erfaring i konkurransesamanheng (litt usikker, men over 40 internasjonale konkurransar og godt over 140 nasjonale konkurransar), så eg føler eg ikkje treng det meir.

Kva er målene for neste sesong?
Prøve å ta endå ein tittel i det Svenske Mesterskapet (nummer 8), og få gode resultat som nykommar i elitekategorien i BIU. Eg vil  óg prøve å køyre nokre UCI-konkurransar om eg har tid. Eg håpar å gjere alle svenskar stolte, ved å kome på pallplass i elitekategorien i EM i Sverige (BIU).

Biketrial.no ønsker Björn lykke til! Det kan du óg, ved å bruke kommentarfunksjonen under.

Dette er ein del av ein lengre serie med artiklar, der profilerte norske og internasjonale utøvarar forteller om sine sesonsførebuingar. Her kan du snappe opp treningstips frå syklistar med lang erfaring.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.