Nyheter, Trening

Treningstips: Dominik Raab

10 nov , 2010  

Her får du dei beste treningstipsene frå Dominik Raab. Dominik er ikkje den typiske konkurransesyklisten, som trener tre økter om dagen. Han fokuserer på å alltid kose seg på sykkelen, og sykle så mykje som mogleg.

Hvordan går det med de fysiske forberedelsene for neste sesong?
Eg prøver å sykle så mykje som mogleg i vinter. Me har to innandørshaller på heimstaden min, Linz. Eg vil óg reise litt til Barcelona og California, kor  vêret og spotsene er veldig gode. Men, eg vil ikkje bruke eit einaste sekund på eit treningssenter, eller liknande.

Er det noen spesielle kvaliteter du vil forbedre denne vinteren?
Eg vil lære nokre spesialtriks eg har tenkt på, og i tillegg jobbe med stilen min – alt kan bli smoothare.

Hvordan ser en typisk treningsuke ut for øyeblikket? Har du et eksempel?
For augneblinken stikker eg ut kvar dag og sykler.

Hvor mange timer trener du i løpet av en uke? Hvor mange av de er biketrial?
Vanlegvis sykler eg 3-5 timer kvar dag. Vanskeleg å seie kor mange av desse som er biketrial. Eg har berre sykla biketrial i omlag 7 år. No om dagane, hender det ofte eg sykler meir street og park. Det avhenger av kven eg sykler med. Eg syklar ofte med kompisar som driv med BMX, så nokre gonger tilbringer eg ein dag der eg sykler med dei i vår lokale skatepark. I tillegg elskar eg stisykling og dirt. Det er så mange måtar du kan bruke ein sykkel på.

Trener du spesifikt for å bedre styrke og spenst?
Nei, ikkje i det heile tatt.

Dominik på ei strand.

Hva er, etter din mening, den viktigste fysiske egenskapen til en trialsyklist?
Det er sikkert balanse, men eg er ikkje heilt sikker.

Er andre kvaliteter enn de fysiske viktigere?
Eg trur dei mentale kvalitetane er mykje viktigare. Eit eksempel: Prøv å balansere over eit rekkverk som er 10 centimeter høgt, og så gjer du det same på eit som er 2 meter høgt. Alt er mentalt.

Hvordan trener du teknikk? Prøve og feile, eller mer systematisk?
Det avhenger av kva slags teknikk eg trener på. Nokre gonger foretrekker eg å prøve og feile.

Hva er ditt tips til syklister som vil bli bedre, bortsett fra å sykle mye?
Gløym aldri at det handlar om å ha det kjekt!

Hva er målene for neste sesong?
Sykle så mykje som mogleg, reise og ha det kjekt!

Vil du vite meir om Dominik, besøk hans personelege heimeside: http://www.dominikraab.com/

Me takkar Dominik for intervjuet, og ønsker han lykke til med neste sesong. Det kan du óg gjere, ved å kommentere på denne artikkelen. Dominik lanserte denne hausten ein imponerande video, som me anbefalar deg å sjå:

Dette er ein del av ein lengre serie med artiklar, der profilerte norske og internasjonale utøvarar forteller om sine sesonsførebuingar. Her kan du snappe opp treningstips frå syklistar med lang erfaring.


1 Response

  1. Joachim sier:

    FET!
    lykke til videre i sesongen Dominik! 😉

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.