Nyheter, Trening

Treningstips: Rick Koekoek

1 nov , 2010  

Her får du dei beste treningstipsene frå Rick Koekoek. Rick er ranka som nummer tre i verden (20″, UCI) i 2010, og har sykla profesjonelt sidan 2008. Han starta med biketrial for 18 år sidan, og har i tillegg til syklinga, lang erfaring med spesifikk trening retta mot biketrial. Han meiner sjølv det ikkje er så mykje, men han løfta 220 kilo i både markløft og knebøy i fjor. Etter hard trening over lengre tid, har han no fått ein overbelastningsskade i knærne, og må dermed ta det roleg om dagane.

Korleis går det med dei fysiske førebuingane for neste sesong?
Akkurat no prøver eg å bli frisk frå kneskadane eg pådrog meg forrige sesong. Ingen sykling for tida.

Er det nokre spesielle kvaliteter du vil forbetre denne vinteren?
Fram mot neste sesong vil eg forbetre dugleikane på sykkelen og generelt som syklist. Eg vil bli betre og tryggare på alle teknikkar, og bli sterkare mentalt.

Korleis ser ei typisk treningsveke ut for augneblinken? Har du eit døme?
For augneblinken består ei treningsveke av å gjere ingenting. Ingen sykling, ingen styrke- og ingen uthaldstrening.

Kor mange timer trener du i løpet av ei veke? Kor mange av dei er biketrial?
Eg trener omlag 25 timer i veka. Eg vil tru 50% av desse timane er på sykkelen.

Trener du spesifikt for å betre styrke og spenst?
Eg syklar og har det kjekt, dei to viktigaste tingene i biketrial.

Kva er, etter di mening, den viktigste psykiske eigenskapen til ein trialsyklist?
Å ha mentaliteten til ein atlet.

Er andre kvaliteter enn dei fysiske viktigare?
Tolmod og  uthald.

Kva er ditt tips til syklister som vil bli betre, bortsett fra å sykle mykje?
Tenk på kva du gjer riktig og kva du gjer galt.

Korleis trener du teknikk? Prøve og feile, eller meir systematisk?
Eg liker å prøve og feile, på den måten kan du sjå og føle kva som skjer.

Kva er målene for neste sesong?
Denne sesongen er litt spesiell. Så, målet no er å bli frisk og i form igjen, så eg kan byrje å sykle. Alt som kjem i tillegg  tar eg som ein bonus.

Rick er ein veldig hyggeleg utøvar, og lot oss gjerne stille fleire spørsmål. Så, me tok å stilte han litt spørsmål om diverse tema.

Kan du fortelle litt om skaden? Korleis skjedde det?
Skulle ønske eg kunne fortelle ein god historie no, men det er dessverre ikkje det. Ingenting spesielt skjedde, det er snakk om overbelastning med for mykje trening. Forrige sesong fekk eg problem med knærne mine, rett før sesongstart, men tok det ikkje på alvor. Eg gjorde  verdenscupen, EM og VM, og ikkje meir. No får eg igjen for det.

Kven er din favoritt til å vinne verdenscupen neste sesong, i både 20″ og 26″?
I 20″ er det sjølvsagt meg! I 26″ er eg ikkje sikker, fordi eg kamerat med alle, så det er vanskeleg å favorisere enkeltutøvarar. Eg veit ikkje om det er realistisk, men eg ville blitt veldig glad om Andrei Burton kom på toppen av pallen. Eg veit han kan gjere mykje ville ting, og han gjer det óg. Så, det ville blitt kult! Men, nivået var enormt høgt denne sesongen, og det er framleis på veg høgare, så det er vanskeleg å vite.

Kven er du sponsa av?
Go Fast Energy drinks, NOC/NSF Union, Oerlemans off road shop, Hoffmann Frames, Trialtech Bike parts, Aerial7 Headphones. Bikes 4 you. Ricco Bikes (Min eigen butikk). Trials Inside Photos, Joel Vingerling Photos

Kor mange syklar biketrial i Nederland? Er det ein stor sport der?
Biketrial i Nederland er veldig lite. Me har ganske få syklistar for tida, men jobbar med det og det blir fleire og fleire. Då eg starta, trur eg det var kun 10 syklistar i heile landet. No er me omlag 100. Eg håpar det startar fleire til neste år, då eg jobbar med eit prosjekt og forhåpentligvis vil det fungere!

Vil du vite meir om Rick, besøk heimesida han: http://www.rickkoekoek.nl/

Me takkar Rick for intervjuet, og ønsker han lykke til med å bli frisk frå skadene. Det kan du óg gjere, ved å kommentere på denne artikkelen.

Dette er ein del av ein lengre serie med artiklar, der profilerte norske og internasjonale utøvarar forteller om sine sesonsførebuingar. Her kan du snappe opp treningstips frå syklistar med lang erfaring.


2 Responses

  1. […] Les også: Treningstips: Rick Koekoek […]

  2. […] › LES FØRSTE ARTIKKEL MED RICK PÅ BIKETRIAL.NO, FRA 2010: Treningstips: Rick Koekoek […]

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *