Konkurranser, Nyheter

Trial Pro Series

22 mar , 2012  

Event Performance, saman med Jean Flambard, har danna ein ny trialcup kalla Trial Pro Series. Cupen vil gå parallelt med verdscupen, og UCI er samarbeidspartnar. I år vil det kun vere rundar i Frankrike, men dei planlegger utviding til andre land seinare. Det vil vere fire rundar i cupen, og stort fokus på høg kvalitet. «Meir synleg, større publikum, meir spetakkel, meir premiepengar, meir av alt», nemner Aurelien Fontenoy, som jobber saman med EP for å realisere planane.

Cupen vil både opne og avslutte sesongen. Konkurransane vil følge gjeldande UCI-reglement, men formatet er endra. Det vil vere ein kvalifisering open for 30 køyrarar, som skal køyre 3×6 seksjoner. Deretter går dei åtte beste til finalen, som består av 1×6 seksjoner. Dei fire beste frå finalen, kjem til Superfinalen, med 1×6 seksjoner. Resultatene vil telle på den offisielle UCI-rankingen, med poeng etter «C1 International Race».

Premiepengane vil vere 6000 euro for kvar konkurranse, og det vil vere 13 minutter TV-dekning frå kvart event. I tillegg til vanleg konkurranse, vil det vere speedtrials med profesjonelle køyrarar.


1 Response

  1. […] Regjerende verdensmester Gilles Coustellier har signert avtale med Event Performance, selskapet bak Trial Pro Series. I likhet med Rick har han byttet hjelmmerke, og er nå lagkamerat med Vincent Hermance på […]

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *