Konkurranser, Nyheter

VM: Dag 2

3 sep , 2011  

Fredag: Andre dag av VM i Sveits tilhøyrde 26″-hjul og kvinner. Med lettskya vêr, og relativt tørre forhold, viste seksjonene seg frå si snille side.

Først går me til finalen til kvinnene, der hovudpersonen var heimehåpet Karin Moor. Ho starta konkurransen med målet om å ende sin karriere med hennar niande verdsmesterskaptittel. Dette klart ho med enorm margin. Ho brukte 9 prikkar på å fullføre 18 seksjonar. Gemma Abant på andreplassen brukte 35. Tredjeplassen gjekk til søstera Mireira Abant. Fjerdeplass gjekk til tsjekkiske Tatiana Janickova. Femteplass gjekk til talentet som har trent med Andrei Burton og Rick Koekoek i heile sommar, australske Janine Jungfels.

Podium kvinner: f.v: Gemma Abant, Karin Moor, Mireira Abant

Junior herrer på 26″-hjul hadde semifinaler. Ikkje stort å seie her, med eit hovudsakeleg tysk og fransk felt. Clement Meot vann framfor Marius Merger, med tre nullar i differanse. Veldig tett i teten. Taltentet Leo Nobile og Morgan Vassor kom ikkje til finalen.

Clement Meot, førsteplass junior.

Så var det verdseliten på 26″-hjul sin tur i semifinalane. Her var det ingen store overraskingar i topp tre, med Kenny Belaey på første, Vincent Hermance på andre og Gilles Coustellier på tredje. Det er tydeleg at seksjonene passer rutinerte og allsidige Belaey, relativt overlegen siger med fire prikker mindre enn Hermance, og to runder på 0 prikker. Den store overraskinga kom på fjerdeplass, der Ben Savage frå Storbritannia køyrde likt med Gilles Coustellier, kun éin mindre null enn franskmannen. Frå Savage og ned til siste finaleplass, som gjekk til Giacomo Coustellier, skilde det kun to poeng, så det er enormt tett, og alt kan skje i finalen. Hverken Hegedus Lazlo, Andrei Burton eller Iciar van den Bergh nådde til finalen.

[nggallery id=12]

Er du interessert i videoer, kan du sjå dette på Frank Chastel sin YouTube-kanal her.

Resultater:
Elite
Junior
Kvinner

Bilete: Trial Inside


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.