Konkurranser, Nyheter

VM: Dag 4

5 sep , 2011  

Søndag: Siste VM-dag for biketrial. Etter ein intens gårsdag, med regn og vanskelege forhold, var søndagen ikkje eit unntak. Gilles Coustellier tok tittelen under høljregn og svært glatte forhold i Champéry, Sveits. Kenny Belaey hadde den værste starten, og måtte kjempe hardt, og klarte sølvmedaljen til slutt. Coustellier vann løpet med 22 poeng, mes Vincent Hermance og Belaey endte opp likt med 30 poeng. Men, sidan Belaey vann semifinalane, måtte Hermance ta til takke med bronse.

Franskmann Hermance gjorde første runde på 17 poeng. På dette tidspunktet hadde Gilles 18, mens Belaey hadde 20 poeng.  Alle andre i finalen hadde mellom 28 og 30 poeng (maksimalt du kan oppnå er 30, 6 x 5). Kampen for edelt metall var altså kun mellom Belaey, Hermance og Coustellier.

I andre runde såg det ut som Hermance var på veg til å vinne tittelen. Sist gong han gjorde dette var i 2007. Men han sklei før mål i siste seksjon, og måtte gje leiinga til Coustellier.

Belaey var utslitt etter løpet. I tillegg, for første gong i karrieren, hadde han kramper.

«Det var det værste løpet mitt nokon gong. Eg hadde kramper frå første runde. Likevel er ikkje andreplass så dårleg om du tar forholdene i betraktning. Eg er ikkje nøgd med omgjevnadane finalane vart køyrd i. Det er uhøyrd at me måtte slite med utforkøyring gjennom tilskodarområder for å fullføre løpet. Aldri igjen!», utbraut Belaey.

For vinnaren Gilles Coustellier, var løpet svært vanskeleg. «Seksjonene var veldig vanskelege. Eg hadde ein dårleg start, men eg klarte å vinne løpet akkurat som eg hadde planlagt. Podium i 20″ og gull i 26″. Eg vil takke teamet mitt for deira støtte».

I junior vann franskmann Marius Merger med 36 poeng, framfor landsmann Yann Dunant med 43. Tett bak, med 44 poeng kom tyskaren Robin Fix. Dei øvrige finaledeltakarane var langt bak, og podiet var overlegent.

Resultat
Elite
Junior

Kjelde: Trial Inside / Rockyroads Network | Bilete: Trial Inside


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *