Konkurranser, Nyheter

VM i Canada – resultater

8 sep , 2010  

No er VM 2010 i Canada ferdig og vel så det. Med litt «old school» seksjoner, med mykje piler og opne områder, vart resultatene overraskande fleire stader. Førehandsfavoritt Gilles Coustellier (Koxx) i 26″ endte opp på femteplass, og det var fleire som stilte i både 20″ og 26″.

Men, førsteplassen i 26″ var velfortjent til Kenny Belaey (Monty). Med seier i semifinaler, og seier i finale, med forbedring i sisterunden, var det ein klar siger. Kenny har vore målretta og sterk dei siste åra, og lar ikkje dårlege konkurranseresultat dempe han, men derimot motivere han endå meir. Han er framleis farleg, og vil nok vere det i fleire år framover (Marc Caisso har runda 30). Noko overraskande kom Benito Ros (Koxx) på andre og Marc Caisso (Atomz) på tredje. Thomas R. Aasen hevder Gilles ikkje taklar alle kickere som var i seksjonane, då Gilles er meir ekspert på lite fart og rein teknikk. Vincent Hermance (Koxx) fekk eit fall og forstua ankelen i førsterunde, og måtte bryte finalen. Han var i god form i forkant, og hadde nok vore lenger oppe på resultatlistene ved fullført konkurranse (naturligvis).

I 20″ vann Benito igjen, med hard konkurranse frå læreguten sin, Abel Mustieles (Koxx). Spania er framleis best i 20″. Men, på tredjeplass ligg Rick Koekoek (Trialtech) lurande. Han forbetrar seg frå konkurranse til konkurranse, og frå å tidligare vere ein topp 10, er han no topp 3. Carles Diaz (Koxx) ser ut til å vere tilbake etter fleire år med skadeavbrekk, og tok fjerdeplass. Det skal leggjast til at Dani Comas (Monty), årets vinnar av BIU-VM, ikkje stilte i UCI-VM. Han er sterk om dagen, og kan slå Benito på gode dagar.

I kvinneklassen i elite, var det Gemma Abant (Monty) som vann, framfor veteran Karin Moor. I junior vann Ion Areitio begge klassar, og ein skal sjå opp for denne spanjolen i åra framover.

Resultat Elite 26″

Resultat Elite 20″

Videoar:

Artikkelbilete: http://www.flickr.com/photos/michelroy/


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.