Innenriks

10 på rad: Joachim Skjævestad

26 nov , 2011  

Eit internt redaksjonsintervju, der du får svar på spørsmålene du sannsynlegvis lurer på. Intervjuet har eit kvardagsfilosofisk preg, men med fokus på biketrial.

Kva er er vel viktigare enn å stille store spørsmål om sporten me elskar? Kva er vel meir tilfredsstillande enn å få ein reflektert sørlandsgut til å svare på desse? Sjå sjølv, og bli klok!

Kva er trial for deg?
– Det er det tøffaste i heile verden.

Kva motiverer deg?
– At eg har lyst å sykle, det er så kjekt å sykle.

Kor lenge kjem du til å drive med trial?
– Til eg dør.

Tre ord som beskriver trial for deg?
– Kjekt, morosamt og fett!

Om trial var eit dyr, kva for eit?
– Ei sjøløve!

Kor mange prosent av eit døgn tenker du på trial?
– 74%

Når gjev du opp å prøve på ein ting, etter kor mange forsøk?
– Di fleire forsøk det tar, di mindre har du lyst å gje opp. Så, etter fire forsøk gjev eg ikkje opp, då skal eg klare det.

Tre element som er viktig for deg i trial.
– Jord, luft og vatn.

Du blei skada, og fekk beskjed av legene at du aldri kunne sykle igjen. Korleis ville du reagert?
– Ville reagert med å gå til innkjøp av ein kontrabass. Nei, fuck, eg hadde fortsatt å sykle uansett.

 

Har du forresten sjekka ut det nye forumet til biketrial.no? Om ikkje, trykk her, og registrer deg!


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.