Videoer

10 paller, 5 spørsmål

30 nov , 2012  

Knut Fosse sykler knapt noko i jobben som nordsjøarbeidar. Men, han får trent styrke, sjølv om han sjølv meiner han er svak for tida. Spenstig er han iallfall, og her har kamerat Thomas R. Aasen satt saman ein kort snutt frå Bergen Biketrial sitt innelokale. 10 paller sidehopp, sa du?

Biketrial.no stilte han fem kjappe spørsmål, og Knut svarar i kjend stil; knapp og presis.

Sjå video nederst i artikkelen.

Kva gjer du på om dagane?
– Sitter inne og ser på tv-seriar og speler PS3. Har ferie, og trener styrke.

Kva trener du?
– Rygg, bryst og bein av og til.

Kor ofte har du sykla sidan sesongen slutta?
– Før eg sykla no på onsdag, var det tre månadar sidan, trur eg.

Kva er planane for 2013? Ser me deg i NorgesCupen?
– Ja, forhåpentlegvis skal eg trene litt meir opp mot det. Må få betre resultat enn i år, iallfall.

Var det kjekt å sykla att?
– Jepp, det var kjekt. Trudde ikkje eg skulle klare noko eigentleg.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.