Nyheter, Videoer

2011 var bra for Joachim

10 jan , 2012  

Joachim Skjævestad har no endeleg kome ut frå rommet sitt, etter lang tid med redigeringsarbeid. Resultatet er til å juble for, og variasjonen i syklinga er eit hån mot alle andre som kaller seg allsidige.

Sjå dette femogeithalvtminutt lange maratonet av godbitar nederst i saken, og gled deg til 2012 saman med Joachim.

Joachim har nettopp fått seg ny nettside, anbefaler at du tar deg ein tur innom: joachim.biketrial.no

Kort oppsummert, korleis var året 2011 for deg?
– Heilt rått år, med mykje progresjon. Hadde to fine turer (Barcelona og roadtrip), og flytta inn i biketrialhuset.

Om du skal trekke fram eitt høgdepunkt, kva var dette?
– Nordays 2011 var eit bra høgdepunkt. Det var morosamt at så mange kom, noko som viste at det spirer i norsk biketrialmiljø.

Kva  lærde du av 2011, som du vil ha nytte av i framtida?
– Om du sykler mykje, kan du bli flink.

Gjorde du noko nyttig i 2011, som å hjelpe eit barn i naud eller liknande?
– Ja, eg betalte 70 kroner i månaden til eit fattig barn i Afrika.

Kva er målene dine for 2012?
– Sykle mykje og ha det gøy.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.