Konkurranser, Nyheter

Benito med nummer ni

7 sep , 2012  

Den levande legenda Benito Ros (Koxx) frå Spania sikra seg sin niande verdsmestertittel i 20″ elite i går kveld, framfor landsmann Abel Mustieles (Monty) og franskmann Vincent Hermance (Koxx). Dette tross at heile deltakinga stod i fare på grunn av eit dårleg kne før mesterskapet.

Benito vann semifinalane, og tok leiinga etter første runde i finalen. Finalane vann han med 3,5 straffepoeng mindre enn Mustieles. Vincent Hermance, som hadde ein knallbra start på sesongen, har mista dette forspranget mot slutten, og måtte ta til takke med tredjeplassen, åtte straffepoeng bak vinnaren.

I juniorklassen med 20″-hjul var det Raphael Pils frå tyskland som sikra sigeren. Han har vore jamnt god i heile år, og er frå før regjerande europamester.

Kvinneklassen vart vunnen av Gemma Abant frå Spania. Ho var dermed med å sikre Spania lagsigeren, framfor Frankrike og og Tyskland.

I kveld er det finalarar i 26″ for både junior og elite.

Bilete: Frank Chastel / Trial Inside


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.