Innenriks, Nyheter

Biketrial i 2012

29 nov , 2011  

Det ser lyst ut for biketrial som organisert idrett i 2012. Me er endeleg offisielt tilslutta Norges Cycleforbund (NCF), og har ein god kommunikasjon. Det er med spenning og stor glede me går mot komande sesong, ein endå meir historisk sesong enn i år.

Underteikna var i møte med NCF idag, og fekk lagt skissa for neste sesong. Biketrial er endå ein ung idrett, spesielt i norsk samanheng, og mykje må gjerast etterkvart. Det me likevel fekk gjort er følgande:

  • Det blir Norgescuprundar på Ekstremsportveko, Nordays (mulig namneskifte) og mest sannsynleg i Bergen;
  • Det blir uoffisielt NM (dei to første åra er alltid uoffisielle) under Nordays (kombinert NC og NM);
  • Det blir nivåbasert klasseinndeling, med nybegynnar, vidarekomen, ekspert og elite;
  • Me bruker UCI sitt offisielle regelverk for trial, men vil gjere visse forenklingar for Norge.

Klasseinndelinga er konkretisert gjennom eit pallesystem. På den måten kan ein uerfaren konkurransesyklist bestemme kva klasse han skal køyre utifrå dette. Me har gjort følgande inndeling:

  • 0-3 paller sidehopp: Nybegynnar
  • 3-6 paller sidehopp: Vidarekomen
  • 6-8 paller sidehopp: Ekspert
  • 8+ paller sidehopp: Elite

Systemet er på ingen måte bombesikkert, og ein kan sjølvsagt gjere det bra i ein konkurranse uavhengig høgde på sidehoppet sitt. Men, me trur det kan fungere som ei rettesnor for dei som er i tvil. Det blir i tillegg brukt mykje mellom trialsyklister, med den klassiske «kor mange paller tar du sidehopp då?».

Målet er at flest mogleg har lyst å delta på konkurransane. Sjølv om det heiter Norgescup, betyr ikkje det at kun eliten kan delta. Konkurransane er opne for absolutt ALLE, og det er fokus på sykkelglede og det sosiale. Det er ingen krav til nivå før du skal delta på ein konkurranse. Målet med konkurransane er ikkje nødvendigvis å vinne, men å treffe andre å sykle med, få nye utfordringar og lære nye ting på sykkelen.

Alle konkurransar blir opne arrangement, der utanlandske syklistar har moglegheit til å delta. Me ønsker størst mogleg deltaking.

Den største utfordringa i komande sesong er rekruttering av dommarar. Her vil me gjere «midlertidige» løysningar, der me vil utdanne dommarar etterkvart til kvar konkurranse.

Me kjem tilbake til terminliste, men Ekstremsportveko har allerede publisert dato, 24.06.12 – 01.07.12, så der er det berre å setje av datoen. På Ekstremsportveko blir det mest sannsynleg to konkurransar med ein dag eller to mellomrom.

Ein kan lese meir om trial og NCF her: http://sykling.no/trial/Sider/Trial.aspx

Håper dette blir positivt mottatt, og at alle er glade og fornøgde! Kom likevel gjerne med tilbakemeldingar eller spørsmål om det skulle vere noko!

– Eirik Ulltang
29.11.2011


2 Responses

  1. Tore Andre sier:

    Fantastisk! Bra jobba Eirik:)

  2. Sander Haugrud sier:

    Suverent! norge kommer seg i biketrial:D

Legg igjen en kommentar til Tore Andre Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.