Bergen er den nest største byen i Noreg, og er ein av dei byane med mest nedbør. Det fell nemlig 2250mm nedbør årlig, i kontrast til Stavanger som berre har 1250mm (i følge Storm)! Trass det dårlege veret har Bergen eit svært bra miljø innan biketrial.
Det er mange utøvarar i Bergen, nokre meir aktive enn andre. Med syklistar som Thomas Remvik Aasen (TRA, opprinnelig frå Ålesund), Mads Lexander, Tore Andre Andresen og Christoffer Valland (opprinnelig frå Norheimsund) blir det produsert mykje bra sykling i denne byen. Syklistane her syklar ofte ilag, og presser kvarandre både fysisk og psykisk.
Utøvarar frå Bergen greidde å dekke heile sigerspallen i klassen “Ekspert”, i tillegg til at Thomas stakk av med førsteplassen i klassen elite under Nordays 2011. Det er ikkje berre gode resultat i konkurranser denne byen produserer. Thomas, Mads og Christoffer er aktive både bak og framfor kamera. Thomas har nylig starta eige firma, “Traprod”, og produsert DVD-en “The Plague”, der han og Knut Fosse leverer sykling dei fleste berre kan drøyma om.
Byen har mange gode sykkelspots. Døme er plassane Helleneset friluftsområde, Seljedalen skole, Loddefjord og mange andre. Dei fleste områda er å sjå i fleire av filmane til både Thomas, Christoffer og Mads. Dessutan er det ein heil del kantar og menneskeskapte hinder ein kan sykle på inne i Bergen sentrum. Alle dei nevnte områda har kantar og hinder som passar alle trialsyklistar, uansett om ein er nybegynnar eller eliteutøvar.
Innandørs sykling er eit anna kapittel. Fram til i fjor var syklistar velkomne inn i Eikås-hallen som ligg rett utafor Bergen. Syklistar i Bergensområdet har kontakt med dei som driv hallen, og kryssar fingrane og håpar på at dei tek oss inn att i varmen.
Comments RSS Feed