Innenriks, Nyheter

Biketrial i Kvam Herad

8 nov , 2010  

Det har vore eit miljø for biketrial i Kvam Herad i mange år. Rundt år 2003 hadde Kvam Biketrial over 20 utøvarar på trening, med to treningar i veka. Det var eit blomstrande miljø, med mange ivrige. Fleire av dei aktive frå denne perioden, syklar idag på høgt nivå.

Men, treningane døydde etter kvart ut, og dei som ikkje satsa 100%, mista interessa. Det har i fleire år vore svært lite miljø i Kvam, med berre to-tre aktive syklistar. No er det endeleg i ferd med å snu, og etter ei lita telling, fann dei ut at det er omlag 13 personar i kommunen med biketrialsykkel. Fleire syklistar som hadde slutta, er no tilbake i sporten, og fleire nye har starta.

Biketrial.no sin utsendte var med på ei lita uorganisert trening ein kald søndag i november. Der klarte kun fire av dei fem aktive som bur i kommunen no, å møte opp. Me tok ein prat med Gaute Ulltang.

Kva alder er syklistane i?
Dei eg syklar med er frå 13 til 17 år.

Kven manglar på treningen idag?
Idag manglar Simon Undal.

Kor lenge har de sykla?
Eg og Rune har sykla i to år, Halvard sidan i sommar og Svein Olav starta i glansperioden i 2003, men har tatt det opp att no i haust.

Kva nivå er de på?
Eg veit ikkje korleis eg skal seie det.. Nokre er nybegynnarar og nokre andre er betre.

Merker de at fleire vil begynne?
Ja, det er fleire som har lyst til å kjøpe sykkel.

Kva gjer de i vinter?
Kanskje nokre turar til innandørshallen på Eikås nær Bergen. Ellers blir det andre aktivitetar, som snøbrett og alpinski.

Har de planar om å starte ein klubb?
Ja, me har det. Blir vel kanskje til våren, når me kjem skikkeleg i gang.

Har de arrangert treningar?
Me har vel egentlig ikkje det heilt endå. Prøver å få det óg i gang til våren.

Er det noko de mangler for at miljøet skal vekse vidare?
Nei, egentlig ikkje. Det er ganske bra, me har jo til og med eige trialområde.

Brukar de dette området flittig?
Bruker det ganske ofte, men det er andre bra plassar å sykle i bygda óg

Kor ofte trenar de i lag?
Alle i lag, så veit eg ikkje. Men, sykler kanskje ein gong i veka, pluss minus. Men, eg syklar ofte åleine eller i lag med eit par andre.

Er nokre meir ivrige enn andre?
Eg veit ikkje heilt. Det kan ikkje eg svare på. Alle er ganske ivrige

Kva syklar brukar de? Mest 20″ eller mest 26″?
Nesten 50/50, to på 26″ og tre på 20″.

[nggallery id=8]

Foto: Eirik Ulltang/Gaute Ulltang


1 Response

  1. Sigmund sier:

    Veldig bra ! 🙂 Da va kule bilete 😉

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.