For at biketrial skal kunne bli større og etterkvart foregå i organiserte former, er me avhengige av at klubber rekrutterer nye medlemmer. Dette har Antoine Proust tatt tak i, og etablert ei biketrialgruppe i den tjue år gamle sykkelklubben Sola CK.
Han forteller at dei har hatt treninger i rundt ein månad. Dei starta enkelt med å finne ein plass for å lage seksjoner av europaller. No er det omlag 10-15 unge gutar som stiller på treningane, som vert arrangert kvar mandag ettermiddag. Planen er å utvide til to dager i veka i næraste framtid, seier Proust.
Dei fleste sykler på vanlege terrengsykler, og bruker biketrialtreningene som ekstratrening for terrengsyklingen. Dette merker styret i klubben, og dei har sett stor progresjon i terrenget hjå utøvarane som møter på treningane til Proust. Antoine meddeler: “Ein forelder sa til meg ein dag: Du har tent gnisten i gutten min”.
På grunn av stor interesse, planlegger klubben å kjøpe inn nokre fullblods biketrialsykler til utlån for utøvere i klubben. I tillegg er klubbhuset snart ferdig, og då har dei verkstad, møterom, dusj/toalett, kjøkken, tv-rom og kontor til disposisjon.
Planene framover er å lage mange ekte biketrialseksjoner i skogen, med alt fra store steiner og traktordekk til betongrør og trestammer. Når alt dette er ferdig, vil me organisere konkurranser alle er invitert til, seier Proust.
Søknad om støtte frå kommunen er allerede sendt. Og det er tydelig Sola CK og Antoine har noko veldig bra på gang her. Det er allerede syklister som har gått til innkjøp av biketrialsykler, og foreldrene skal visst vere svært nøgde, forteller Proust. Interessen er aukande, legger han til.
Koplingar:
Sola CK
Artikkel i Solabladet
Antoine Proust si personlege nettside
Comments RSS Feed