Björn Levin har endeleg nådd målet om sin tiande samanlagtsiger i det svenske mesterskapet. Men, det har ikkje kome av seg sjølv, og han har kjempa hardt og målretta heile sesongen.
Situasjonen før siste delkonkurranse i Kinna var følgande: Björn leia samanlagt, estlendaren Ansis Dermaks på andre og Joacim Nymann på tredje. For at Ansis skulle ta samanlagtsigeren, måtte han vinne i Kinna og Björn hamne utanfor pallen.
Ansis såg det var umogleg å vinne samanlagt, og valgte difor å ikkje stille til start. Joacim var for mange poeng bak Björn til å vinne, og Björn hadde allereie det tiande gullet i boks ved å delta. Han kunne dermed sykle med låge skuldre, og berre nyte dagen. Det resulterte i hans beste konkurranse sålangt i sesongen, med kun to straffepoeng totalt, framfor Joacim på andreplass med 30 straffepoeng. Dei to straffepoengene Björn fekk, kom av at han knakk pedalakslingen to gonger.
Korleis er kjensla etter å ta ditt tiande gull, Björn?
– Det er naturlegvis veldig fint! Alle timar på treningssenteret og i skogen kjennast plutseleg veldig lette. I tillegg å køyre nesten heile konkurransen på null prikkar, med Joacim som er skikkeleg dyktig på andreplass med 30 prikker, gjer jo at det er ekstra fint, fpr då finnast det ingen rom for diskusjon at det var nære på!
Björn+Felice=sant:
Supporterteamet til Björn, med spesiallaga tskjorter for dette høvet:
Comments RSS Feed