Konkurranser, Nyheter

NorgesCup og NM 2013

12 okt , 2012  

Etter ein fantastisk sesong for biketrial i Noreg, er det på tide å planlegge 2013. Då skal sjølvsagt alt bli betre og meir gjennomført enn i 2012, med fleire syklistar, flottare seksjonar og råare sykling. For at dette skal skje, treng me arrangørar til dei ulike konkurransane. Søknadsfrist for å arrangere NorgesCup eller NM er […]

Konkurranser, Nyheter

UCI-kalenderen klar

3 okt , 2012  

Kalenderen for UCI-konkurransane neste år er publisert. Sesongen er blitt forlenga, og variasjonen i vertsnasjonar har auka. Verdscup: WC1: 20.04.2013, Hebuach, Tyskland. WC2: 31.05.2013, Walbrzych, Polen WC3: 26.07.2013, Pra Loup, Frankrike WC4: 16.08.2013, Méribel, Frankrike WC5: 27.09.2013, Antwerpen, Belgia Mesterskap: EM: 21.06.2013, Berna, Sveits Junior-VM: 03.08.2013, Moudon, Sveits VM: 26.08.2013, Pietermaritzburg, Sør-Afrika Dato og stad […]

Konkurranser, Nyheter

Benito med nummer ni

7 sep , 2012  

Den levande legenda Benito Ros (Koxx) frå Spania sikra seg sin niande verdsmestertittel i 20″ elite i går kveld, framfor landsmann Abel Mustieles (Monty) og franskmann Vincent Hermance (Koxx). Dette tross at heile deltakinga stod i fare på grunn av eit dårleg kne før mesterskapet. Benito vann semifinalane, og tok leiinga etter første runde i […]

Konkurranser

WC: Hermance og Gilles best igjen

29 jul , 2012  

Det var verdscup i helga, og her kjem ein oppsummering frå finalane og superfinalane.  Det skjedde ingen endring i samanlagtleiinga, men under der var det ein del forandringar, spesielt i 26″. 20″ Franskmann Vincent Hermance (Koxx) vann andre runde av verdscupen i 20″-kategorien, som vart arrangert denne helga i Val d’Isère. Etter å ha vunne […]

Konkurranser, Nyheter

EM: Coustellier og Mustieles best

27 jul , 2012  

Dei nye europamesterane i trial vart kåra forrige helg i Weilrod-Riedelbach, Tyskland. Det skulle kårast fem ulike mestere, i dei fem klassane det vart konkurrert i. I dei to gjevaste klassane var det Abel Mustieles (Spania) som tok sigeren i 20″, mens Gilles Coustellier (Frankrike) tok lett sigeren i 26″. I juniorklassen var det David […]

Innenriks, Konkurranser, Nyheter

Fjordtrial 2012 er over!

17 jul , 2012  

Fjordtrial 2012 vart ein kjempesuksess med mange deltakarar og gode sykkeløkter. Her kjem ein oppsummering av arrangementet, som i tillegg til ein camp for trialsyklistar, òg hadde det første uoffisielle NM for trial og den tredje runden av NorgesCup Trial. Dag 1 Første dag var det få ting på programmet, og deltakarar kom utover heile […]

Konkurranser, Nyheter

Invitasjon NC4 og NC5

16 jul , 2012  

Her er invitasjonen for dei to siste NorgesCupane i trial denne sesongen. Det er ein dobbel runde som går frå 4.-5. august i Bergen. Området ligg på Vestkant Trial sitt område, i bydelen Loddefjord. Med ein flott konkurranse i Oslo ferskt i minne, håpar me flest mogleg tar turen til Bergen, og blir med å […]

Konkurranser, Nyheter

Invitasjon til NC3 og NM

6 jul , 2012  

IF Frøy og Biketrial.no har gleda av å ønske velkomen til den tredje NorgesCupen og uoffisielt NM i Trial i Oslo. Konkurransen vil føregå laurdag 14. juli på Osloungdommens Motorsenter i Søndre Nordstrand bydel. Alle er velkomne, både tilskodarar og deltakarar. Invitasjonen kan du sjå her: Invitasjon NC2 Konkurransen er ein del av festivalen Fjordtrial, […]

Konkurranser, Nyheter

Historisk NorgesCup

6 jul , 2012  

Under Ekstremsportveko på Voss vart det i år arrangert dei to første NorgesCupane i trial nokon sinne. Den doble runden gjekk 28. og 29. juni, på ein nedlagt pistolskytebane på Bømoen like utanfor Voss sentrum. Det var 15 køyrarar første dag, og 14 andre dag, fordelt på fire klassar. Konkurransen bestod av seks seksjonar, som […]

Konkurranser, Nyheter

Invitasjon til NC1 og NC2

8 jun , 2012  

Dei to første NorgesCupane i biketrial nærmar seg. 28. og 29. juni vert det konkurransar med historisk sus over seg på Ekstremsportveko på Voss. Her kjem felles invitasjon for begge konkurransar. Les godt gjennom, og meld deg på. Det er kjekt om flest mogleg deltar, slik at me får vist biketrial frå si beste side. […]