Konkurranser, Nyheter

EM: Coustellier og Mustieles best

27 jul , 2012  

Dei nye europamesterane i trial vart kåra forrige helg i Weilrod-Riedelbach, Tyskland. Det skulle kårast fem ulike mestere, i dei fem klassane det vart konkurrert i.

I dei to gjevaste klassane var det Abel Mustieles (Spania) som tok sigeren i 20″, mens Gilles Coustellier (Frankrike) tok lett sigeren i 26″. I juniorklassen var det David Bonzon (Sveits) som vann i 26″ og Raphael Pils (Tyskland) som vann i 20″. Dameklassen vart vunnen av Tatiania Janickova (Slovakia). Alle europamesterane var dermed frå ulike land.

I 20″ elite var det tett i teten, og Vincent Hermance kom på andreplass med samme poengsum som Mustieles. Det var antall 1-arar som avgjorde, ettersom dei hadde like mange seksjonar med 0 straffepoeng. I 26″ elite vant Coustellier overlegent framfor Hannes Herrmann, som hadde 24 poeng meir enn Coustellier sine 8 straffepoeng.

Underskrivne var med i konkurransen, og fekk ein 18.plass i elite 26″, ettersom Giacomo Coustellier fekk ein 9.plass tross brudd grunna skade. Det var ingen straffepoeng som skilde heilt opp til 11.plass, og plasseringen vart avgjort på bakgrunn av totaltida i konkurransen.

Björn Henrici filma heile konkurransen. Her har du semifinalane i 20″ og 26″, samt damekonkurransen:


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.