Konkurranser, Nyheter

Finalen i UCI Trials World Cup 2011

24 aug , 2011  

Femte og siste runde av 2011 UCI Trials World Cup er over med ein spennande runde i Pra Loup i Frankrike.

I kvinneklassen var sveitsiske Karin Moor overlegen, med hennar femte siger på rad, framfor verdsmester Gemma Abant (Spania), og overraskinga Tatiana Janickovam (tredjeplass) frå Tsjekkia. Moor er no den klare favoritten framfor VM, som vil finne stad i Champéry, i hennar heimland Sveits.

Moor er samanlagtvinnaren av 2011 UCI Trials World Cup. Abant tar andreplassen og australske Janine Jungfels på tredje, som er særs godt resultat med tanke på at dette er første år ho køyrer verdscup. Desse to utøvarane var dei einaste som var i nærleiken av å sette Karin Moor i fare. Uansett, så virker sveitsaren ekstremt motivert, sjølv om ho planlegger å legge opp etter VM i Champéry.

I 20″-klassen, fullførde regjerande verdsmester Benito Ros (Spania) sesongen med stil, med hans tredje strake siger framfor landsmannen Abel Mustieles. Dani Comas, som vann kvalifiseringa, fullførde godt bak på tredjeplass etter ein særs mislykka førsterunde.

Ros vinner 2011 UCI Trials World Cup med 605 poeng, framfor Abel Mustieles (560 poeng), einaste utøvar som har slått han i verdscupen denne sesongen. Kampen om tredjeplassen var tett fram til slutten av sesongen, men til slutt var det tyske Mathias Mrhos som tok plassen med 460 poeng.

VM, som er rett rundt hjørnet, lover å bli full av spenning: kven vil konkurrere med regnbogetrøya reste år? Ros, Mustieles eller Comas?

I 26″-klassen vann Gilles Coustellier (Verdsmester i 2008 og 2009) sin andre siger for sesongen framfor Vincent Hermance (2) og Kenny Belaey (3).

Likevel, så var Gilles Coustellier ikkje til stades under verdscupen i Polen, og må ta til takke med fjerdeplass samanlagt i verdscupen. Vinnaren av årets verdscup er Vincent Hermance (575), framfor Kenny Belaey (540) og Giacomo Coustellier (510).

Desse fire er dei store favorittane for å vinne verdensmestertittelen: Kenny Belaey vil prøve å forsvare tittelen, Gilles Coustellier vil prøve å ta sin tredje tittel. Vincent Hermance og Giacomo Coustellier drøymer om sin andre tittel. Men følg med, ein frå 20″-klassen kan skape kaos: Benito Ros tok andreplass i 26″-klassen under VM i Canada i fjor.

UCI Trials World Championships (VM) vil ta stad i Champéry (elite og junior) frå 1.-4. september.

Resultat:
Final Elite20″
Final Elite26″
Final Women

Kjelde: pressemelding frå Uci.ch | Bilete: Trial Inside/Frank Chastel


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.