Innenriks, Konkurranser, Nyheter

Fjordtrial 2012 er over!

17 jul , 2012  

Fjordtrial 2012 vart ein kjempesuksess med mange deltakarar og gode sykkeløkter. Her kjem ein oppsummering av arrangementet, som i tillegg til ein camp for trialsyklistar, òg hadde det første uoffisielle NM for trial og den tredje runden av NorgesCup Trial. Dag 1 Første dag var det få ting på programmet, og deltakarar kom utover heile dagen. Sjølv om det var lite planlagt aktivitet, fann dei fleste raskt fram sykkelen, og satte i gang med sykling rundt om i skogen på Osloungdommens Motorsenter. Det var få som sykla under to timer denne dagen, og folk fann fort tonen med nye og gamle bekjente. Dag 2 Første dag med fullt program, og dei fleste var godt opplagte og klare for mange timar på sykkelen. Me starta dagen med tre timar sykling, der ein kunne velge mellom seksjonstrening, teknikktrening og frisykling. Det vart utruleg nok ein grei tredeling, og alle nivå fekk noko å bryne seg på. Rett etter tre timar sykling vart mange med ned til Hvervenbukta for ei kort badeøkt før middag. Rett frå bading var det grilling, og rett etter grilling var det igjen klart for meir sykling, denne gongen ei totimarsøkt. Deltakarane var framleis ivrige og fulle av energi, så det var lite som skulle til for å motivere dei. Etter siste sykkeløkt var det tid for litt planlagt kvile. Dette var noko dei færraste benytta seg av, og dei aller fleste valgte å sykle heile fram til eit av høgdepunkta: dagens video.

(Artikkelen fortsetter under videoen)

Dag 3 Dette var dagen då alle skulle inn til Oslo sentrum

og sykle street. Fem fulle bilar rulla ut frå motorsenteret rundt 11, med ein heil tilhengar full av syklar. Syklinga starta på Blindern, og det vart fort høg aktivitet rundt på området. Sjølv om det var litt vått vêr, brydde dei færraste seg om dette. Det var først når det byrja å bøtte ned at folk fann ly under tak. Men, etter ein kort regnskyll, vart det opplett resten av dagen, nøyakig kl 14:00, slik yr.no meldte. Syklinga føregjekk stort sett på Blindern, då dette området er stort og har mange spots. Heilt mot slutten var det ein sliten gjeng som tok ut siste krefter på Marienlyst skole, før det var klart for heimreise og dagens video.

(Artikkelen fortsetter under videoen)

Dag 4 Siste ordinære dag av Fjordtrial, med nøyaktig same program som på onsdagen; to sykkeløkter, til saman fem timar. Det var sjølvsagt for lite for alle desse motiverte syklistane, tross det var litt tyngre å kome i gang denne dagen. Folk sykla stort sett heile dagen, og tok lite hensyn til konkurransen dagen etter.

(Artikkelen fortsetter under videoen)

Dag 5 Det var denne dagen klart for det første uoffisielle NM i trial, som òg var den tredje runden av NorgesCupen. Med rekordmange deltakarar, var det ein historisk dag på mange måtar. 26 syklistar stilte til start, med fire fyldige klassar. Det var seks utøvarar i både elite og ekspert, og sju deltakarar i både vidarekomen og nybyrjar. Endeleg har trial byrja å bli ein idrett kor det ikkje er automatisk podieplass ved deltaking.Konkurransen bestod av seks seksjonar for alle klassar utanom nybyrjar, som hadde fem. Det skulle syklast tre rundar, og totaltida var fire timar. God stemning på arenaen kan ein takke Red Bull for, som stilte opp med sin Sugga som spelte høglytt musikk gjennom heile dagen. I tillegg hadde ein god del publikumarar funne vegen, og det mangla ikkje på noko denne dagen.Sidan dette var første gong i norsk historie syklistane måtte stå i kø før seksjonane, og at mange var litt treige med å starte, vart det knapt med tida på slutten. Likevel klarte dei fleste å bli ferdige innan fire timar, og den treigaste brukte kun 19 minuttar over tida. Nivået på seksjonane var bra i nybyrjar og vidarekomen, men altfor høgt i ekspert og elite. Her må arrangør vere flinkare til å gjere endringar under vegs neste gong. Dag 6 Siste dag var ein roleg dag med få deltakarar. Mange reiste heim laurdag kveld, og det var litt mindre motivasjon å finne denne sundagen. Men, det vart likevel fleire timar sykling, og ein uhøgtidleg speedtrialsstafett. Fjordtrial var over, og mange blide deltakarar kunne reise heim med eit nytt bra ferieminne! Biketrial.no og underteikna takkar for ei flott veke, og ynskjer alle velkomen til Fjordtrial 2013. Då lovar me eit endå betre arrangement, med endå meir kjekt å finne på. Arrangøren takkar alle deltakarar som stilte opp, dei frivillige som gjorde arrangementet mogleg (Geir og Oddvar, takk for maten!), Osloungdommens Motorsenter for leige av lokaler og Red Bull som gav deltakarar ekstra energi og god stemning under konkurransen.


1 Response

  1. […] Kan lese mer om arrangementet på http://www.biketrial.no/aktuelt/fjordtrial-2012-er-over/ […]

Legg igjen en kommentar til Fjordtrial og NC3/NM | Mads Lexander Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.