Videoer

Fredagsfilmen 006

9 sep , 2011  

God veke videomessig samanlikna med forrige veke. Rikeleg med materiale frå VM, samt både norske og andre internasjonale bidrag. Skal me gje deg ein anbefaling, så må du sjå filmen med Hannes Herrmann. Slik skal konkurransefilmer vere. Lev deg inn i rollen, korleis ville du løyst seksjonane?

Gutta i BT Dale har vore ute og filma igjen. Her ser du resultatet etter to dagar i sommarvarmen.

Jack Carthy er 15 år, og tar lett hinder i seksjoner brukt i verdscup. Nok sagt.

Her har du ein allsidig spanjol med stort potensiale. Med litt bedre spenst og meir avslappa holdning kan han bli populær både som street- og konkurransesyklist.

Video frå VM med Hegedus Lazlo i hovudfokus. Her får du sjå kor kjedelige og sleipe seksjonane var. Men i gjengjeld får du sjå kor utruleg gode dei beste er. Presisjonssykling.

Her følger du Hannes Herrmann i VM, nøyaktig slik ein konkurranse skal bli filma. Drømmen er at du har ein database med videoer, der du kan velge rytter, seksjon og runde. Akkurat slik denne videoen er laga, berre for alle.

Kenny Belaey var i La Plagne tidligare i sesongen. Her ser du resultatet frå treningen til magikaren.

Som klassikar denne veka, ser me eitt år tilbake i tid, der regjerande #1 og #2 etter VM trener saman. Mester og elev, i vakre omgjevnadar.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.