Videoer

Fredagsfilmen 001

5 aug , 2011  

Ny serie på biketrial.no med dei fire beste biketrialfilmene frå den siste veka, pluss éin klassiker. Her har du inspirasjon til helga, som me håper blir fyllt av timesvis med sykling både fredag, lørdag og søndag.

Først ut er den iranske «Craig Lee Scott», som dei sjølv beskriver han som. Han heiter eigentleg Peyman AzadiIran, og sykler i byen Sari, nord i Iran. Iran har eit ungt miljø, men det er likevel allereie fleire dyktige syklistar i landet. Her har du god, gammaldags hucketrial:

Neste ut er Joakim Sætre, som har snekra saman ein liten film frå Nordays. Kanskje du har sett klippa i andre filmer frå arrangementet, men her er det iallfall delikat presentert med Joakim i hovudrolla:

Tredje video er 11 minutt og 53 seknder lang, og inneheld Felix Hellner og Carlez Diaz som trener i Melsungen i Tyskland. Godt dokumentert og korta ned treningsøkt på fire timer:

Fjerdemann er konkurransemann, og heiter Aurelien Fontenoy. Her er ein typisk konkurransefilm frå eit opent mesterskap i Frankrike:

Femte og siste video er ein klassiker, og viktig trialhistorie. Me slår til med legendariske Trialskings, og filmen Otherside. Her får du Adam Burns, Danny Holroyd og resten av gjengen i det som var banebrytande streettrial på denne tida:


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.