Giacomo Coustellier signerer med Koxx etter å ha sykla for Atomz dei siste sesongane. Giacomo er rekna som ein av dei beste køyrarane i verden, og er kjent for sine utruleg perfekte teknikkar og fine stil.
Men, 2010 var ikkje hans år, og han fekk verken køyre EM eller VM på grunn av ein korsbåndskade under ein verdenscuprunde i Italia. No er han tent som aldri før, og seier i eit intervju at “Det som ikkje dreper deg, gjer deg sterkare”. Uansett klisjé eller ikkje, så er det iallfall potensiale i 27-åringen.
Han fleire gongar tidlegare køyrd frå Koxx, både før samarbeidet med Atomz, men óg før han gjekk over til familiemerket Coustellier Bikes tidlegare dette tiåret. Han kjem no på same lag som Vincent Hermance, Gilles Coustellier, Benito Ros og Abel Mustieles. Det er tydeleg at Koxx er interessert i å gjere reint bort under alle konkurransar.
Me ønsker Giaco lykke til i 2011.
Comments RSS Feed