Konkurranser, Nyheter

Hermance med ny siger

4 aug , 2011  

Den tredje runder av UCI verdscupen vart avhold i Antwerpen i Belgia 31. juli 2011. Vincent Hermance vann elite 26″ framfor Gilles Coustellier og Kenny Belaey, og tok dermed samanlagtleiinga i verdscupen,

Til å byrje tok Belaey leiinga, men i seksjon seks fekk han tre straffepoeng på grunn avmekaniske problem. Han måtte bytte slange i framdekket to gonger. Heldigvis klarte han å holde hovudet kaldt, og sikra seg tredjeplassen. “Det er uheldig at eg hadde eit mekanisk problem. Eg vann semifinalane i går og var på god veg til siger. Forrige år mista eg sigeren her i Antwerpen fordi eg var for stressa med å vinne. No var eg meir avslappa og sykla mitt eige løp.”

Uansett, dei to franskmenne fekk berre eitt straffepoeng i første runde. I andre runde vart det endå meir spanande, då verken Coustellier eller Hermance gjorde feil. Hermance, som hadde betre plassering enn Coustellier i semifinalane, vann til slutt finalen etter å fullføre andre runde med null straffepoeng

Hermance var svært nøgd med sigeren: “Eg elsker denne staden. Det var betre enn i fjor, då alt var mykje tettare satt opp. Flott arrangement!”

Versmester Benito Ros held fram med å vere overlegen leiar i 20″-kategorien. Han vann med ein margin på 19 straffepoeng framfor landsmann Ablel Mustieles. Tredjeplass gjekk til nederlendaren Rick Koekoek.

Som forventa vann Karin Moor tredje verdscuprunde også. Ho hadde like mange straffepoeng som australske Janine Moor, men førstnevnte hadde flest seksjonar med eitt straffepoeng. Tolv straffepoeng skilde Gemma Abant frå syster Mireia Abant for tredjeplass på podiet.

Kjelde: Trial-Inside / Rockyroads


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.