Konkurranser, Nyheter

Historisk NorgesCup

6 jul , 2012  

Under Ekstremsportveko på Voss vart det i år arrangert dei to første NorgesCupane i trial nokon sinne. Den doble runden gjekk 28. og 29. juni, på ein nedlagt pistolskytebane på Bømoen like utanfor Voss sentrum.

Det var 15 køyrarar første dag, og 14 andre dag, fordelt på fire klassar. Konkurransen bestod av seks seksjonar, som kvar skulle køyrast tre gonger. Seksjonane bestod av rotvelt, tømmerstokkar, hjullastardekk, kantstein, naturstein, betongelement og kabeltromlar. På dag to køyrde ein seksjonane baklengs, med visse endringar.

I nybyrjarklassen var det kun to deltakarar, ein gut og ei jente. På NC1 fekk begge deltakarar nøyaktig like mange straffepoeng. Det einaste som skilte dei to, var at Nikolai Kjos Høivik hadde éin meir 2-poengar, og stakk då av med sigeren framfor Tiril Rongved med knappast mogleg margin. På NC2 tok imidlertidig Tiril revansje, og vann med to poeng margin.

Vidarekomenklassen var den mest tallrike, med seks køyrarar begge dagar. Første dagen stakk Ole Tuft av med sigeren, 1 poeng framfor Villem Vaktskjold. På tredjeplass kom Thomas Nilsen, og vennegjengen frå Vestlandet hadde kapra podiet. Dei samme kapra podie andre dag òg, men med visse endringar. Villem køyrde då 18 seksjonar med kun 4 straffepoeng, som var best av alle denne dagen. Bak han kom førsteplassen frå gårsdagen og på tredje var igjen Thomas, no med mykje færre straffepoeng enn dagen før. Framgang!

I ekspert var det tre køyrarar første dag, og to andre dag. Dette fordi Kristoffer Skjævestad valgte å ikkje starte NC2 grunna eit vondt handledd. Då var det duka for kamp mellom unge Håkon Sveistrup og rutinerte Tore André Andresen. Dette var Håkon sin første konkurranse, og han køyrde overlegent. Med siger begge dagar, ligger han trygt på førsteplass samanlagt i ekspert (uoffisiell ranking). Bak Håkon kom Tore André begge dagar, og gjorde ein kjempegod innsats tross mange pungteringer (bytt dekk Tore!). Podiet på NC1 i ekspert vart runda av med Kristoffer Skjævestad på tredjeplass.

I eliteklassen var det klart for å kjempe om både pengepremiar og den gule leiartrøya. Fire køyrarar starta, då både Thomas Aasen og Knut Fosse måtte melde fråfall. Læregut Mads Lexander køyrde sine to første ritt i eliteklassen, og gjorde ein god figur. Det holdt likevel ikkje til meir enn fjerdeplass, tross han var svært nærme på NC2. Då skilde det berre eitt straffepoeng opp til tredjeplassen. Der var Erik Solbakken, som begge dagar kapra nederste trinn på pallen. Tross tredjeplass, gjorde han fleire gode rundar, og køyrde nokre rundar betre enn andreplass. På andreplass kom Joachim Skjævestad begge dagar, med solid køyring og fleire knallbra runder. Han pusta førsteplassen fleire gongar i nakken, og viser kva han er god for. På førsteplass begge dagar, og no samanlagtleiar av NorgesCup Trial, finn du Eirik Ulltang. Han vann med 6 straffepoeng framfor Joachim første dag, og 15 straffepoeng andre dag.

Takk til trialklubben på Voss, dommarar, tilskodarar, Ekstremsportveko og deltakarar. Håpar å sjå samtlege på Fjordtrial 10.-15. juli.

Resultat finn du her: Resultatliste_Veko_NC1_NC2

[nggallery id=17]

Video til Eirik Skarstein & co frå konkurransen:

Artikkelfoto øverst: Nils-Erik Bjørholt


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.