Konkurranser, Nyheter

Historisk siger til Terai

27 apr , 2012  

Kazuki Terai (27) vart historisk då han vann det første japanske mesterskapet i regi av UCI. Mesterskapet vart arrangert 15. april, i byen Shinshiro i regionen Aichi.

Med i konkurransen var òg Rynta Iizuka (21), som er kjend for fleire europearar. Han representerte Japan under verdscupen i fjor, og var Japans første til å køyre eit verdscupritt. Han fullførde sesongen med 12.plass på UCI-rankingen, som er særs godt til å vere første år. Han er i tillegg yngste syklist blant topp 15 i verda (20″, elite).

I Japan heldt det likevel ikkje til meir enn tredjeplass for Rynta Iizuka i 20″-klassen. Dei eldste er framleis best, og Kazuki Terai fullførde alle seksjonar på kun eitt straffepoeng. Bak han kom Yasutaka Shibata (23), med kun eitt poeng mindre enn Rynta. Ser du videoen under, får Rynta ein unaudsynt fempoengar i den eine seksjonen, og det kunne like gjerne vore han som stod på andreplass.

Så blir det spennande å sjå om veteranen Terai stiller i verdscupen i år?

PS: Legenda Keita Miyaoka stilte ikkje til start.

Her er video frå konkurransen, eliteklassen startar omlag midtvegs:

Bileta er henta frå Tribalzine.com


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.