Videoer

Inn i varmen med Valland

5 des , 2012  

Christoffer Meland Valland (21) har drive med biketrial veldig lenge, og er ein av veteranane i norsk biketrialmiljø. No studerer han på Universitetet i Bergen, samtidig som han får sykla så ofte det passer seg. Biketrial.no tok ein kort prat med mannen frå Norheimsund i Hardanger, då han er aktuell med ein ny, kort video frå Bergen Biketrial sitt innelokale (innbygg nederst i artikkelen).

Først Christoffer, korleis går det med syklinga? Kjem studier før sykkelglede?
– Det går meget bra, men som du nemner kjem dessverre studier før syklinga for tida! Blir altfor lange dagar på lesesalane!

Kva var høgdepunktet med sesongen 2012?
– Høgdepunktet må ha vore Fjordtrial. Dårlig prestasjonar av meg, men å samla så mange syklistar på same stad aukar motivasjonen!

Ser du fram til 2013-sesongen? Deltar du i alle Norgescupar?
– Skal prøva å få trent ein god del no i vinter, slik at ikkje den fyrste cupen kjem som eit sjokk. Eg vil prøva å få deltatt på flest mogleg, men må dessverre prioritere bacheloren no til våren/sommaren.

De har nettopp fått ny innehall i Bergen. Korleis skaffa de denne?
– Den nye hallen er eit resultat av at Mads (Lexander red.anm) hadde eit show for «Den grønne sykkel». I tillegg til å driva butikk har dei ein stor lagerhall som me fekk lov å leiga gjennom vinteren.

Fungerer hallen bra? Kan de bruke han så mykje de vil?
– Lokalet er tipp topp, varmare enn tidligare lokale me har hatt tilgang til, nærmare sentrum og eg personleg har gangavstand til lokalet! Sidan dei driv butikk i tillegg, så er det ikkje så gunstig at me er der å støyer i opningstidene. Det er jo ikkje noko å leggje skjul på at ein nygrinda felg støyer frykteleg! Men me har eigen nøkkel, og kan vere der kvar dag (helst) utanom opningstidene.

Kor mange sykler saman i hallen? Er det god stemning?
– Alle som er medlem (har betalt kontigent) til Bergen Biketrial får vera med å sykla her. Når ein samlar trialsyklistar blir det god stemning!

Kva jobber du med for tida på sykkelen? Skal du lære nokre ville triks før sommaren kjem?
– For tida strevar eg litt med tapping og pedal-ups, så gjennom vinteren skal eg prøva å få inn betre teknikk på dette.

Ditt beste råd til unge syklistar?
– Til nye unge syklistar anbefalar eg å ta kontakt med andre syklistar. Det er vanskeleg å motivere seg åleine, og er du inne i ein dårleg periode, der du føler du ikkje får til noko; keep on working! Me har alle har vore der!

Til slutt må me ha ein liten leik. Ingen intervju er komplette utan. Skriv det første order du assosierer med orda som står med understrek. Køyr på!
Gul: Snø
Damer: Sminke
Sykkel: Skade
Luft: Lunger
Salto: Chain-snap
Julebord: Alkohol
Bølgebrus: Syden
Energi: Utslitt

Biketrial.no takkar for praten, og ønsker at Christoffer får ein flott vinter. Her har du videoen, filma og satt saman av Thomas R. Aasen:


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.