Konkurranser, Nyheter

Invitasjon til NC1 og NC2

8 jun , 2012  

Dei to første NorgesCupane i biketrial nærmar seg. 28. og 29. juni vert det konkurransar med historisk sus over seg på Ekstremsportveko på Voss.

Her kjem felles invitasjon for begge konkurransar. Les godt gjennom, og meld deg på. Det er kjekt om flest mogleg deltar, slik at me får vist biketrial frå si beste side.

Me håper flest mogleg tar turen til Ekstremsportveko, og at alle over 18 år velger å vere der heile veka. Underteikna kan skrive under på at dette er eit av høgdepunkta i året, med god stemning og flotte opplevingar. Melder du deg på biketrial på Ekstremsportveko vert det i tillegg til to konkurransar, speedtrials, streetrides og sosiale aktivitetar gjennom veka.

Skulle det vere noko du lurer på, bruk gjerne kontaktopplysningane i innbydinga.

Her er innbydinga Invitasjon_NC1_NC2_Ekstremsportveko2012

Promovideo for Ekstremsportveko med biketrialfokus, spre utover Internett om du vil:

Sjåast på Veko!


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.