Det er to kontaktpunkt mellom deg og sykkelen; hendene til holkene og føtene til pedalene. Å ha godt grep til desse kontaktpunktene er viktig for å ha optimal overføring av kraft og for å oppnå best mogleg sykkelkontroll. Formålet med denne artikkelen er kome fram til kva du bør sjå etter for ditt neste skopar. Det vil i tillegg bli tatt i betrakning ulike personlege preferansar frå erfarne syklistar, slik at biletet vert mest mogleg nyansert.
Dette er ein del av ein lengre artikkelserie som skal hjelpe deg i å velge riktig utstyr til sesongstart.
Stivhet i såle
Det er hovudsakeleg tre ting ein bør sjå etter for å finne ein god sko til biketrial: såle, vekt og støtte/beskyttelse. Spesielt det første er viktigast; sålen. Sålen bestemmer stivheten i skoen, og gummien og mønsteret bestemmer grepet. Stivare såle vil skape betre kraftoverføring mellom deg og sykkelen. Mindre energi vil forsvinne i at sålen bøyer seg mens du står på pedalene. I tillegg vil stivere såle føre til at du kan slappe av meir i foten, og dermed holde ut lengre. Likevel vil stivare såle i nokre tilfelle fjerne litt av kjensla du har til pedalane, og kanskje gå utover sykkelkontrollen.
Mjuke sålar formar seg meir etter pedalen, og kan virke meir komfortabelt å bruke. Likevel vil for mjuke sålar bli ubehagelege over lengre tid, sidan du vil kjenne veldig godt taggane i pedalane. I tillegg vil ein måtte bruke meir krefter i foten, og fortare bli sliten.
Det er logisk å konkludere med at ein må finne ein riktig balanse mellom stiv og mjuk såle. Det er både fordeler og ulemper i begge retninger på skalaen. Men, det er viktig å tenke på at ein sko blir mjukare ved bruk, og at du i butikken kanskje burde velge skoen som er litt stivare.
Gummiblanding
For å ha best mogleg grep vil gummien spele stor rolle, saman med korleis mønsteret i sålen er. Mjuk gummi vil gje betre grep, men óg kortare levetid. Å ha godt grep er både bra for kontrollen, men óg for din eigen tryggleik. Mister du taket frå pedalene, kan dette både føre til harde møter mellom pedal og leggen, i tillegg til farlege situasjoner der du helst vil behalde beina på pedalane. Ein ulempe kan vere at føtene til tider kan sitte så godt til pedalane, at du ikkje får føtene av pedalane raskt nok. I tillegg kan det vere vanskeleg å få riktig posisjon på pedalane, fordi sålen nærmast sit klistra fast. Dette vil oftast gå seg til etterkvart, og du lærer å blir meir presis. Mønsteret må ikkje vere for kraftig, fordi dette vil minske kontaktflaten mellom såle og pedal. Likevel må det vere litt mønster, og eit dott- eller vaffelmønster har vist seg å vere optimalt. Grove mønster laga for ulendt terreng vil ha veldig dårleg grep på pedalar.
Beskyttelse og støtte
I og med at biketrial foregår i omgjevnadar som har mykje skarpe, ujamne kantar og harde overflater, er det viktig å ha god beskyttelse i skoen. Sålen må vere såpass kraftig at du ikkje opplever smerte ved å stå på skarpe kanter, og aller helst bør innsida av skoen vere forsterka for å minske risikoen for å smelle innsida av anklane i krank og bakbremse. Det sistnevnte er noko som forsvinn med erfaring, og særleg ferske syklistar bør ta hensyn til dette. I tillegg er støtten i skoen viktig om ein har relativt svake ankler. Dette både for å ha god kontroll på sykkelen, og for å minske risikoen for overtråkk/brudd i ankel om ein tryner i ulendt terreng.
Vekt
I dei siste åra har vektfokuset auka veldig. Dei fleste tenker kun på kor mykje sykkelen veg, men både deg sjølv, bekledning og sko vil vere med på å enten auke eller minke totalvekta du drar med deg gjennom ein dag med sykling. Likevel er dei fleste sko laga lettast mogleg, og dette er sjeldan eit stort problem.
Ulike skotypar
Det vert i dag brukt fleire typar sko til biketrial; fullblods biketrialsko, freeridesko, skatesko, joggesko og meir klatreskoinspirerte versjonar (avbilda øverst i artikkelen). Problemet med dei fullblods trialskoene har vore at det er små produsentar med lite erfaring, og kvaliteten på såle og sko er ofte dårleg. Freerideskoene har vore mykje brukt, og desse skoene har ofte god beskyttelse, godt grep og stiv såle. Skateskoene er mjukare i sålen og har litt dårlegare grep. Men, dei får då også lengre levetid, og ser meir normale ut. Joggesko er det nokre få som bruker, men på grunn av mønsteret i sålen og gummiblandingen, er dette ikkje å anbefale. Klatreskoinspirerte sko har ofte svært godt grep i såle, og god stivhet. Dette er likevel ganske lite utval av foreløpig.
Biketrial.no stilte nokre korte spørsmål til ivrige syklistar over heile Noreg:
Joakim Ødegård, kva ser du etter når du velger nye sko til å sykle med?
– Ser først og fremst etter godt feste, holdbarhet og hvor godt de sitter på foten.
Kor mange par sko bruker du i året, Tom Erik Solberg?
– To par kanskje, har aldri tenkt på det.
Odd Arne Bekkelund frå Stavanger fekk eit spørsmål der svaret helst ikkje burde bli tatt ut av samanheng; Liker du stiv eller mjuk såle på sykkelskoene dine?
– Blanding, men best når han er litt mykere enn stiv (hvis det er lov å si)…
Audun G. Kjørsvik har mange meininger. Me spør han, kor viktig er gode sko i biketrial for deg?
– Det er viktig for meg. Viktig å ha god nok støtte så du ikke skader deg i det du lander. Grepet er viktig, mange “vanlige” fritidssko er enten altfor stive eller altfor myke i sålen, som gjør at man enten føler piggene i pedalen borer seg inn i foten, eller at du føler du ikke har noe kontakt med sykkelen i det hele tatt.
biketrial, guide, riktig, sko, utstyr, velge
Comments RSS Feed