Innenriks, Nyheter

No nærmer det seg

22 jul , 2011  

Nordays og Oslo Ride nærmer seg med stormskritt. Siste planlegging er i full gang, og det ser ut som det blir eit kjempearrangement.
Men stadig stigande antall påmeldte, kan dette gå inn i norsk biketrialhistorie, i eit allereie historisk år.

Først litt generell info: Nordays starter onsdag og varer fram til fredag. Då tar etter tradisjonen Oslo Ride over, med konkurranse lørdagen og streetride søndagen. Begge arrangementene er 100% rusfrie, og overtredelse av dette vil føre til umiddelbar utestengelse frå området.

Arrangementet tar stad på Osloungdommens Motorsenter, Hvervenbukta, i nærheten av Holmlia/Hauketo i Oslo. Streetriden på søndagen er i Oslo sentrum, start på Aker Brygge 11:00.

Påmelding

Husk påmeldingsfristen 22. juli 23:59. Etter dette vil prisene stige med 250,– Det vil vere mulighet å melde seg på ved oppmøte.

Påmelding skjer ved å fylle ut skjemaet på følgende side: http://www.biketrial.no/pamelding-nordaysoslo-ride/

Programmet

Under følger programmet for Nordays og Oslo Ride. Oslo Ride starter fredag, Nordays onsdag. Dette er ei skisse, og me vil improvisere undervegs utifrå kva deltakarane er mest gira på. Seminarene vil ta opp emner rundt kosthold, mental trening og teknikk/fysikk i biketrial. Her vil me bl.a. få besøk av Marius Dammyr, med mastergrad i idrettspsykologi. Kveldskosen vil ha ulike aktiviterer kvar kveld, t.d. uhøgtideleg speedtrials, sumobryting på bakhjulet, hoppe fleste hopp på framhjulet etc. Det blir travle dagar, med mykje innhald. Likevel trur me det vert kjempekjekt, og eit minne for livet.

Onsdag 27. juli

12:00 – 20:00: Registrering og betaling Nordays
16:00 – 17:00: Velkomst/informasjon
17:00 – 20:00: Sykkeltrening 1
20:00 – 21:00: Seminar 1
21:00 – 23:00: Kveldskos og artige aktiviteter/konkurranser og dagens video.

Torsdag 28. juli

10:00 – 13:00: Sykkeltrening 2
12:00 – 20:00: Registrering og betaling NORdays
13:00 – 15:00: Pause/bading/mat
15:00 – 17:00: Sykkeltrening 3
17:00 – 19:00: Grilling
19:00 – 20:00: Seminar 2
20:00 – 23:00: Kveldskos og artige aktiviterer/konkurranser og dagens video.

Fredag 29. juli

10:00 – 13:00: Sykkeltrening 4
12:00 – 20:00: Registrering og betaling Oslo Ride
13:00 – 15:00: Pause/bading/mat
15:00 – 17:00: Sykkeltrening 5
17:00 – 19:00: Grilling
19:00 – 20:00: Seminar 3
20:00 – 23:00: Kveldskos og artige aktiviterer/konkurranser og dagens video.

Lørdag 30. juli

10:00 – 10:30: Løpermøte og informasjon
10:00 – 12:00:  Registrering og sykkelkontroll
10:30 – 12:00: Besiktigelse og trening
12:00 – 15:00: Konkurranse (kan bli utvida)
15:00 – 16:00: Premieseremoni
16:00 – 18:00: Grilling
19:00 – 23:00: Kveldskos og artige aktiviteter/konkurranser og dagens video.

Søndag 31. juli

11:00 – 17:00: Streetsykling i Oslo sentrum
Oslo Ride 2011 er slutt

Vêret

Ein kan ikkje unngå å tenke på vêret på eit slikt arrangement. Det er framleis ei lita veke til start, og mykje kan endre seg. Biketrial går fint an ågjere i all slags vêr, og Hvervenbukta har innandørshall om det blir skikkeleg ille. Det er mykje å gjere innandørs på senteret, med biljard, tv, karaoke og andre spel.

Her er siste langtidsvarsel frå yr:

Pakkeliste

Det kan av og til vere vanskeleg å vite kva ein må ta med på biketrialcamp, utanom det vanlege. Her følger ei liste, men ver merksam på at det kan vere manglar som sjølv dei alle mest kompetente hjå biketrial.no kan oversjå:

  • Ekstra sykkeldeler (slitedeler, deler som kan knekke)
  • Lappesaker/ekstra slanger
  • Hjelm (påbudt), hansker og sko til å sykle i.
  • Drikkeflaske
  • Lisens (om ein skal delta i konkurransen)
  • Kontanter til å betale for arrangementet (priser her)
  • Badekle
  • Treningskle
  • Videokamera/fotoapparat
  • Sovepose
  • Liggeunderlag
  • Solkrem
  • Godt humør
  • Anna du kjem på som kan gjere oppholdet endå betre…

Konkurransen

Konkurransen lørdag vil følge UCI/NCF sitt reglement, og ha fire klasser. Det vil vere omlag seks ulike seksjoner, der ein køyrer to eller tre runder. Dette er ikkje heilt bestemt. Me oppfordrer flest mogleg til å stille på konkurransen, slik at det blir mest mogleg riktige resultatlister, og alle får prøvd seg.

Det blir satt opp ein eigen sportsklasse med moglegheit for eingongslisens. Denne vil koste 150,-. Me oppfordrer alle til å skaffe aktiv heilårslisens, dette får du gjort gjennom din lokale sykkelklubb. Det vil kome ei oppdatering ang. dette neste veke.

Streetriden

Streetriden vil bli gjennomført uberørt av terrorhandlingane som har blitt utført i Oslo. Det vil vere ei rute som starter på Aker Brygge, og ender opp på Blindern. Her blir det mulighet for alle nivåer, og me kan improvisere rutevalget etter deltagerene undervegs.


Vis større kart


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.