Innenriks, Nyheter

Nordays dag 2

2 aug , 2011  

Andre dag av Nordays 2011 starta med knall sol, mange-og-tjue varmegrader og eit antall middels opplagte trialsyklister. Dagens program bestod av fem timer sykling fordelt på to økter, teknikkseminar med Thomas Aasen, bading og mykje hygge.

Idag fekk folk virkelig uforska det enorme området med naturleg terreng på senteret. Første trening blei vekta mot enkelthinder, der målet var å skape sjølvtillit på ulike teknikker, før me satt dette saman på trening to, med seksjonstrening. God innsats, god stemning og bra sykling gjorde denne dagen svært vellukka.

Med kort veg til strandkanten, fann mange vegen ned her mellom varme treningsøkter. Rett etter siste treningsøkt var det grilling og maks hygge, etterfulgt av dagleg informasjon og eit detaljert teknikkseminar. Her fekk mange opp augene for kor viktig det er å bruke heile kroppen for å skape maksimal kraft og eksplosivitet.

Med litt paller rett utanfor opphaldsrommet, brukte fleie av dei mest ivrige kvelden til å konkurrere i gap og sidehopp, samt plukke opp nyttige tips frå kvarandre.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.