Konkurranser, Nyheter

NorgesCup og NM 2013

12 okt , 2012  

Etter ein fantastisk sesong for biketrial i Noreg, er det på tide å planlegge 2013. Då skal sjølvsagt alt bli betre og meir gjennomført enn i 2012, med fleire syklistar, flottare seksjonar og råare sykling. For at dette skal skje, treng me arrangørar til dei ulike konkurransane.

Søknadsfrist for å arrangere NorgesCup eller NM er 1. november. Me oppfordrer så mange klubbar som mogleg til å søke, slik at NCFs greinutvalget i trial kan velge ut dei beste arrangementa. Det er eit lite håp om å arrangere fem NorgesCuprundar, som i år, samt eit eige NM.

Meir informasjon om søknadsprosessen finn du på sykling.no.

Delvis sikre arrangement er NorgesCup på Ekstremsportveko (Hardanger Sykkelklubb) og NM på Fjordtrial (OMS). Det hadde i tillegg vore kjekt å utvida sesongen med start i april og avslutning i september, så syklistane kan trene endå meir mellom kvar konkurranse.

Skulle det vere spørsmål retta til arrangering av trialkonkurransar, ta kontakt med biketrial.no, via vårt kontaktskjema eller Per Erik Mæhlum i forbundet: per.erik.maehlum@sykling.no.

 


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.