Onza har utvida tilbudet sitt, samt oppgradert eksisterande modellar. Her får du mykje sykkel for pengane. Alle sykler er endå ikkje lansert, og me mangler fleire bilete. Du får likevel ein smakebit med litt tekst og bilete.
Mini Master 18″
Sykkel for dei minste med 18″-hjul både framme og bak. Denne skal vere endå billigare enn forrige modell. Dette er perfekt sykkel for nybegynnarar som syns vanleg tjuetommarar er for store.
Pro 20″
Sykkelen har fått hydrauliske skivebremser framme og bak. Kul finish i matt svart.
Zoot 24″
Den populære streetsykkelen med 24″-hjul har fått oppgradering. Iallfall er pedaler og dekk nye, og det ser ut som det er gjort nokre forbetringar i sveisar og forsterkningar.
I tillegg til desse tre modellane, er sykkelen Genesis ny. Dette er ein 26″ konkurransesykkel til ein hyggeleg pris. Me gjettar 9.000,- i Norge. Limey 4 blir og snart lansert. Denne har blitt testa av blant anna Andrei Burton i over eitt år. Geometrien på denne ramma blir 1085 mm wheelbase, +55 mm kranklagerhøgde, 380 mm kjedestag og 73 grader styrevinkel.
Syklene blir lansert i løpet av oktober/november i følge Onza.
Comments RSS Feed