Inspired har lansert ein ny komplett sykkel, kalla Element 26″. Etter suksess med Element 24″ og Hex 26″, har dei lansert ein modell med det beste frå begge to; prisen til Element og hjulstørrelsen til Hex.
Designet er hovudsakeleg basert på Element 24″, men med endra geometri for å få mest mogleg ut av 26″-hjul. Geometrien består av 1045mm wheelbase, 390mm chainstay, kranklager på 25mm+ og ein styrevinkel på 73˚. Oppskrifta går dermed ut på relativt lang chainstay og kort wheelbase, laga for leik og moro.
[nggallery id=14]
Ramma er består av 7005 aluminium, og har ein byggekvalitet du vanlegvis finn mykje lenger opp i prissjiktet. For å lage ramma så robust som mogleg, er det brukt tjukkare aluminiumsrøyr i konstruksjonen på utsatte stader.
Av delar på sykkelen, kjem han utstyrt med Truvativ Hussfelt kranksett, mekaniske bremser (disc framme, v-brems bak), Kenda K-Rad dekk og stort sett Trialtech og Inspired deler øvrig. Sykkelen er i følge Tarty Bikes på 11,67 kg. Prisen vil sannsynlegvis ligge rundt 10.000 norske.
Sykkelen er tilgjengeleg i gul eller grå.
Inspired vert distribuert av Sykkel & Fritid Hamar i Norge.
Comments RSS Feed