Hegedus Laszlo fekk sitt store gjennombrot i fjorårssesongen. Med mange finaleplassar i både verdscup og mesterskap gjorde han store steg framover resultatmessig. No er han godt i gang med førebuingane for komande sesong, men tar seg likevel tid til å sjå litt tilbake på fjoråret.
Finn mellom anna ut korleis ein vanleg dag ser ut for Hege, kva han har utvikla seg på og kva han ønsker å oppnå i 2012.
Du sykla nesten alle verdscupfinalar i fjor. Er du nøgd med resultatene og eigen innsats?
Ja, fjoråret var det beste så langt i karrieren min. Eg er veldig nøgd og veldig stolt over å ha sykla saman med dei andre elitesyklistane.
Kva var høgdepunktet i sesongen?
Mitt beste resultat var femteplass i EM i Italia. Først gjekk det ikkje opp for meg, det var som ein draum. Eg var veldig glad, fordi det var eit nytt nivå i karrieren min. Og eg forstod ordtaket, “alt er mogleg”!
Det virker som du alltid utvikler deg på eitt eller fleire områder. På kva område utvikla du deg mest i fjor?
Eg trur den største utviklingen i fjor var uthald og styrke. Uthaldet mitt var på topp til VM. Rett etter at konkurransen var ferdig, hadde eg ei treningsøkt (rundt to timer), og neste dag var eg i kjempeform.
Som profesjonell syklist, korleis ser kvardagen din ut? Kva er ein normal timeplan for Hege?
Vanlegvis står eg opp rundt klokka åtte og et frukost. Etter dette har eg ei kort treningsøkt (svømming eller løping). Når eg kjem heim igjen har eg lunsj og to-tre timar kvile. Etter kvilen starter “hovudøkta” på sykkelen (2-2,5 timer trening). Etter det gjer eg litt lett tøying og har eit stort måltid (med mykje protein). Så møter eg kompisane mine på kvelden, og me tar ein kopp te eller noko liknande.
Du er nok godt i gang med førebuingane til 2012-sesongen. Kva er dine håp og forventningar? Korleis skal du oppnå målene dine?
Målene mine i år: først og fremst vil eg delta i alle verdscupar, EM og VM. Og eg håper eg vil klare topp ti nesten kvar gong. Eg vil ha meir og meir oppvisningar over heile verda. Og eg ønsker å lage fleire populære videoar denne sesongen!
Tusen takk til Hege for intervjuet. Biketrial.no ønsker han lykke til i 2012.
Har du besøkt nettsida til Hege? http://www.hegetrial.hu/
Her er siste video frå Hegedűs, særs imponerande:
Comments RSS Feed