Konkurranser

Gilles og Benito vinner verdenscupen

8 aug , 2010  

Fjerde og siste runde av UCI Worldcup 2010 vart arrangert i St-François Longchamp i Frankrike denne helga.Lørdag var det kvartfinaler/kvalifisering for både 20″ og 26″, samt finaler for kvinner. Dei ti beste i sammendraget treng ikkje køyre kvartfinalar, då dei allereie er kvalifisert.

I kvinneklassen er det kun sju konkurrerande, så dei køyrer direkte finale. Årets siste finale var vunnen av veteranen Karin Moor. Med dette fekk ho andreplass samanlagt, for det var Gemma Abant frå Spania som vann samanlagt, etter to sigrar og to andreplassar.

Resultater kvinner finale

I Elite 20″ sine kvartfinalar vann Diego Barrio, mens i semifinalane kom han kun på sjetteplass. Han er likevel sikra finaleplass. Semifinalane vart vunne av Abel Mustieles, framfor mentor og venn Benito Ros. Det kan sjå ut som det er i ferd med å skje eit troneskifte i teten. Topp fire i kvartfinalane var som følgande:

Resultater kvartfinaler 20"

I semifinalane klarte andreplassen frå kvartfinalane, Matthias Mrohs, å ta tredjeplassen, framfor Rick Koekoek. Topp fire blei sjåande slik ut:

Resultater semifinaler 20"

Så til 26″ kvart- og semifinalar. Det var tilsynelatande dei vanlege storfavorittane som gjekk rett til semifinalane. Men, engelskmannen med namn Ben Slinger er i ferd med å utvikle seg til ein toppryttar. Etter å ha vunne kvartfinalane, fekk han tredjeplass i semifinalane, framfor namn som Vincent Hermance, Aurelien Fontenoy og Hannes Herrmann. Ein må likevel hugse på at i finalen kan alt skje. Semifinalane vart vunne av Gilles Coustellier, men det var andreplassen, og Kenny Belaey som hadde beste førsterunde. Vincent Hermance fekk fjerdeplassen, men kjenner ein Vincent rett, har han ofte dårlege førsterunder, og kan utan problem kapre andre eller tredje i finalen. Resultat kvartfinalar:

Resultater kvartfinalar 26"

Resultat semifinalar:

Resultater semifinaler 26"

Finalane i 20″ var noko heilt spesielt. Det var sannsynligvis aldri blitt delt ut fleire 5-arar i ein konkurranse, og alle utanom vinnaren Benito Ros hadde over 50 poeng.

– Seksjonene er harde, men det er visse parti jeg liker veldig godt, seier Benito Ros. Og han tilføyer: I vannområdet gjorde jeg en veldig dum feil, som jeg kunne gjort bedre. (fritt oversatt frå fransk).

Det blir spennande å sjå videoar frå konkurransen, det er tydeleg at arrangører har bomma på vanskelighetsgraden. Noko uventa klarte Matthias Mrohs andreplassen i finalen, framfor Carles Diaz. Spanjolen som har slitt mykje dei siste åra, er endeleg tilbake. Vinnaren av semifinalane, Musti, havna langt nede, på sjetteplass. Benito tar då på ny verdenscuptittelen, men UCI har endå ikkje fått ut kven som kjem på resten av plassane. Men Musti skal mest sannsynlig ha andreplassen framfor Rick Koekoek. Dette blir oppdatert seinare.

Resultater finalar 20"

Det er tydeleg at seksjonane aldri har vore vanskelegare i ein konkurranse, med unntak for éin person. Gilles Coustellier viser igjen kva for ein perfekt trialsyklist han er. Med fem poeng på førsterunden mot Vincent sine 17, er det klasseforskjell.  Han har dermed fått verdenscuptittelen for tredje året på rad.

Andre runde gjorde Gilles éin meir tabbe, og endte med 11 poeng for heile konkurransen. Vincent kom på andre med ein sterk andrerunde, etterfulgt av Kenny Belaey 10 poeng bak. Ben Slinger, som gjorde superbra semifinale, endte til slutt på femteplass. No er årets verdenscup over, og neste store hending er verdensmesterskapet Kanada, som startar 31. august. Det er tydeleg at fleire har mykje å trene på.

Resultat finale:

Resultater finalar 26"

For komplette resultatlister, sjå: http://live.swisstrial.ch/

Sjå her for små videosnuttar frå konkurransen: http://vimeo.com/frankymage


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.