Konkurranser, Nyheter

Spennande runde i Polen

8 aug , 2011  

Den fjerde runden av UCI Trials World Cup fann stad denne helga i Walbrzych, Polen.

I konkurransen til damene, dominerte sveitsiske Karin Moor, og tok hennar
fjerde siger av fire moglege. Sjølv om verdsmester Gemma Abant fullførde første runde veldig nær Moor, klarte likevel sveitsaren å dra i frå i dei to siste rundane og ta sigeren. Tredjeplassen gjekk til den unge tyskaren Romina Fix, som utvikler seg til frå konkurransen til konkurranse og er definitivt ein konkurrent å passe seg for framover. Ho fullførde framfor australiaren Janine Jungfels, som var ein av førehandsfavorittane etter andreplassen i Antwerpen.

Karin Moor held naturlegvis fram som leiar av verdscupen.

Benito Ros, framleis nr. 1

Overrasking i 20″-kategorien

Det var to store overraskingar i mennene sin 20″-kategori, når både nederlender Rick Koekoek, tredjeplass i Belgia, og sveitsar Loris Braun, ein erfaren finalist og tredjeplass frå 2009 verdsmesterskapet, ikkje klarte å kvalifisere til finale. Dei vart overraska av styrken til japanske Ryuta Iizuka, som nådde finalen for første gong, og tilførde eit større internasjonalt preg på konkurransen.

I ein regnfyllt finale, dominerte igjen dei tre favorittane, alle frå Spania. Til slutt var det verdsmester Benito Ros som trakk det lengste strået framfor europamester Dani Comas. Etter ein skuffande førsterunde, måtte deira landsmann Abel Mustieles ta til takke med tredjeplass.

Verdt å nemne var prestasjonane til dei to franskmennene Marius Merger og Théau Courtes. Merger, som framleis er junior, vil kjempe om verdsmestertittelen i junior i Champéry, Sveits, i september.

Ros leiar verdscupen samanlagt.

Verdsmester Belaey set ein strek for Hermance si sigersrekke

Belaey, publikum og nedbør

Finalen i 26″-kategorien vart òg gjort vanskelegare av regnet. Verdsmester Kenny Belaey fullførde første runde med fire poeng mindre enn Vincent Hermance, som vann dei to siste rundane i Val d’Isère og Antwerpen. Uansett så klarte Belaey å bryte franskmannen si sigersrekke, og vann med to poeng mindre enn Hermance, som framleis leiar samanlagt. Tredjeplass gjekk til Giacomo Coustellier (Frankrike).

Verdt å nemne kan vere Iciar Van Den Bergh (Belgia) sin til no største triumf i verdscupsamanheng, med femteplass.

Siste runde av UCI Trials World Cup denne sesongen vil ta plass i Pra-Loup, Frankrike, den 20.-21. august.

Verdscupleiar Hermance

Fulle resultat
Finale Elite 20″
Finale Elite 26″
Finale Damer

Tekst og bilete: Uci.ch


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.