Nyheter, Trening

Treningstips: Eirik Ulltang

23 feb , 2011  

Her får du de beste treningstipsene fra Eirik Ulltang. Selv om han er en del av redaksjonen på biketrial.no, vil han gjerne dele sine beste tips. Dette er et ekte inside-intervju av beste sort!

Hvordan går det med de fysiske forberedelsene for neste sesong?
Det går veldig bra for tida. Eg klarer å auke treningsmengdene gradvis, og har progresjon i stort sett alle fysiske eigenskaper. Dette merker eg på syklingen i tillegg.

Er det noen spesielle kvaliteter du vil forbedre denne vinteren?
Denne vinteren vil eg fokusere både på å ha kontinuerlig trening på sykkelen gjennom heile vinteren, og på den måten betre min tekniske evner, og i tillegg fokusere på å auke spensten min. Eg manglar mykje i fleire teknikkar, og manglar høgde i teknikkar eg kan godt.

Hvordan ser en typisk treningsuke ut for øyeblikket? Har du et eksempel?
Eg pleier å ligge på rundt 10-12 treningsøkter i veka. Det er ein blanding av styrketrening, rørsletrening, uthaldstrening, trialtrening og diverse aktiviterar. Diverse aktivitetar har denne hausten vore svømming, fotball, basketball, klatring og no snart litt alpin.

Hvor mange timer trener du i løpet av en uke? Hvor mange av de er biketrial?
Alt frå ti timer og oppover per veke. Det varierer veldig. I sesongen kan eg kome opp i mykje meir fordi eg har ofte lange sykkeløkter med gode venner. I vinterhalvåret har eg sikkert mindre enn fire timer i veka biketrial. Planen er å stabilisere meg på rundt 15-25 timer trening i veka no i vinter, og ha målsetting om to økter i veka med biketrial.

Trener du spesifikt for å bedre styrke og spenst?
Eg trener spesifikt styrke og spenst. Styrke var mest i byrjinga av sesonsførebuinga, for å klargjere kroppen for hard spensttrening. Likevel trener eg styrke for kjernemuskulaturen, for å unngå skader og ha ein betre platform til å ta i mot kreftene som kjem frå beina i ein sats og harde landingar.

Hva er, etter din mening, den viktigste fysiske egenskapen til en trialsyklist?
Eg har tidlegare gått på idrettslinje, og fekk du i oppgåve å skrive ein arbeidskravsanalyse. Der valgte eg biketrial, og kom fram til at spenst og eksplosiv styrke er dei viktigaste fysiske egenskapane i biketrial. Dette gjelder for ein topputøvar, for nybegynnarar er balanse og koordinasjon viktigare.

Er andre kvaliteter enn de fysiske viktigere?
Dei tekniske kvalitetane er viktigare enn dei fysiske. Det hjelper lite å ha ein meter i spenst om du ikkje kan teknikken skikkeleg. I tillegg krevs det stor mental styrke for å våge å gjere ting som involverer stor risiko. Biketrial er blandt dei mest tekniske idrettane du kan finne. Det er enormt mange teknikkar å forholde seg til, og stadig endring av variablar som vêr, terreng, friksjon, høgde, lengde, utstyr og så vidare.

Hva er ditt tips til syklister som vil bli bedre, bortsett fra å sykle mye?
For å bli betre, må ein først finne ut kva ein er dårlig i. Så er det berre å rangere dei ulike eigenskapane, frå dårlegast til best, og start i den dårlege enden. Men, ikkje miss fokuset, du må heile tida fokusere på glede og meistring. Ei veke med kun “kosesykling”, der du berre gjer teknikkar og hinder du kan frå før, er viktig av og til.

Hvordan trener du teknikk? Prøve og feile, eller mer systematisk?
Eg prøver å ha det mest mogleg kjekt på sykkelen når eg trenar. Så det blir ofte prøve og feile. Feiler eg mykje, prøver eg noko anna. Men, nokre gonger set eg opp mål i forkant av økta, til dømes å prioritere å øve på sidehopp. Så visualiserer eg og noterer ned viktige moment i teknikken på førehand, og set i gang trening. Dette kan vere veldig effektivt.

Hva er målene for neste sesong?
Målene for neste sesong er å ha god progresjon, få promotert sponsorer på ein gode måte og leve livet som ambassadør for biketrial både nasjonalt og internasjonalt. Eg vil køyre mange oppvisningar, konkurrere mest mogleg, lage videoar og reise mykje.

Dette er en del av en lengre serie med artikler, der profilerte norske og internasjonale utøvere forteller om sine sesongforberedelser. Her kan du snappe opp treningstips fra syklister med lang erfaring.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.