Det er ikkje sikkert alle har fått det med seg, men det blir i desse dagar jobba med å bygge eit innendørsanlegg for trialsykling på Kongsberg. Ei helg i januar samla ein liten gjeng ivrige trialsyklister seg for å ha dugnad, sykle og leike. I videoen under kan du sjå korleis hallen ser ut, og litt av innsatsen som ligg bak bygginga.
Hallen er langt i frå ferdig, og vil ikkje bli opna for folk flest før seinare i år. Men, det blir planlagt ei samling der i løpet av vinteren. Følg med på biketrial.no for nærmare dato og informasjon.
I tillegg til trialsykling vil hallen ha buldrevegg og skate-/bmxpark. Trialparken vil òg bli brukt av parkour- og freerunningutøvere. Til våren vil det bli bygd trialområde på utsida av hallen, i tillegg til dirthopp og skate-/bmxbowl.
Stor takk til ildsjelene bak dette prosjektet, med Joachim Skjævestad og Petter Wigstøl i spissen for trialdelen. Har du lyst å teste ut hallen, kan du ta kontakt med ein av dei to.
Comments RSS Feed