Konkurranser, Nyheter

VM: Dag 1

2 sep , 2011  

Torsdag: Første trialdag av VM i Sveits er gjennomført, med semifinaler for junior- og elitesyklister med 20″-hjul.  I eliteklassen vann Dani Comas framfor sine to landsmenn Abel Mustieles (2) og  Benito Ros (3). Med såpass god sykling av Comas, som hadde 8 prikker mindre enn Ros, spøker det for Ros å forsvare trøya. Men, ein veit at Ros er ein erfaren mesterskapssyklist, og han finner nok fram eit ekstra gir til finalen på lørdag. På fjerdeplass kom ein mann me vanlegvis ser på toppen av podiet med 26″-hjul; Gilles Coustellier. Supersyklisten frå Frankrike stiller i begge hjulstørrelser, og sneik seg framfor nederlender Rick Koekoek med to fleire «cleane» seksjonar.

[nggallery id=11]

Gilles Coustellier på 20″:

I juniorklassen består feltet av meir ukjende køyrarar, men førsteplassen gjekk til Raphael Pils, som ein har sett med fleire gode resultat tidlegare i år, med fleire plasseringar i topp 20 i verdscup. Det mest morosame resultatet blant juniorane var svenske Joacim Nymann sin sjuandeplass. Joacim, som kan reknast som arvtakaren frå Björn Levin i svensk biketrial, har eit enormt sykkeltalent. Men, sjølv var han ikkje heilt nøgd, og uttalte på Twitter at han «Hadde ein dårleg dag, gjorde mange dumme feil… Men, eg klarte å gå til finalen».

Resultat:

 

Kilde: Uci.ch | Bilete: Trial Inside


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.