Konkurranser, Nyheter

VM: Dag 3

5 sep , 2011  

Lørdag: Tredje VM-dag for biketrial hadde finaler for 20″, både i junior og elite. Etter spennande semifinaler, var nok mange spente på resultatet, spesielt i elite. Etter at Dani Comas vann semifinalen, mista nok mange trua på regjerande mester Benito Ros. Men, det skulle vise seg at rutine og solide pedalar var viktige ingrediensar for å forsvare VM-trøya under våte forhold.

Med leiinga frå første seksjon, vann Ros verdsmesterskapet med tre poeng mindre enn landsmann Abel Mustieles. Benito fullførde første runde med totalt tre straffepoeng frå dei mest tekniske områdene i seksjonane. Kun Abel klarde å halde følge med fem poeng meir på same runde.

Dani Comas, regjerande europamester og førehandsfavoritt, sleit med nivået i finalane, og var langt i frå leiinga. I tillegg opplevde han dramatiske mekaniske problem. Han knakk pedalen, tryna og skada høgre ankel. For han var finalen over, og måtte bryte etter første runde.

Franskmann Gilles Coustellier fullførde på andreplass etter første runde, men han er ingen 20″-spesialist. Til slutt kom han på tredjeplass, som i seg sjølv er ein stor prestasjon for ein 26″-køyrar.

“Eg hadde eit bra løp. Eg er veldig nøgd med førsterunden min, fordi seksjonene var veldig vanskelege. Regnet i finalane plaga meg litt. Eg måtte tilpasse meg for å vinne tittelen. Alt arbeidet eg har gjort i år gav endeleg resultat”, sa Ros.

“Dette var ikkje året mitt. Eg tapte løpet  i første runde fordi eg gjorde mange feil. På tross av regnet, hadde eg full innsats i andre runde, men det var ikkje nok, og Ros var langt framfor meg. Eg får vente til neste år”, sa Mustieles.

“På grunn av regnet tok eg ingen unaudsynte sjangsar. For meg er den store finalen i morgon (26″-finalar red.anm). Eg er kjempenøgd med podiet idag. Det gjev meg sjølvtillit for morgondagen”, sa Gilles Coustellier.

[nggallery id=13]

Finalen for junior gjekk før elite. To favorittar vart valgt allereie etter første runde: tyskaren Raphael Pils, vinnar av semifinalane og europamester 2011, og franskmann Marius Merger, regjerande verdsmester. Begge hadde 13 poeng etter første runde. I andre runde, kjempa dei hardt og veksla på leiinga. Til slutt vann Raphael Pils løpet med eitt poeng leiing. David Hoffmann fekk tredje. Vår kjære svenske venn, Joacim Nymann endte på sjuandeplass, med 53 poeng. Dette er 30 poeng meir enn vinnaren. Likevel eit kjemperesultat for Sverige og Skandinavia.

Teknisk, oljefat og regn, sjå sjølv kva dei måtte gjennom her:

Resultat
Elite
Junior

Kjelde: Trial Inside / Rockyroads Network | Bilete: Trial Inside


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.