Konkurranser

WC: Hermance og Gilles best igjen

29 jul , 2012  

Det var verdscup i helga, og her kjem ein oppsummering frå finalane og superfinalane.  Det skjedde ingen endring i samanlagtleiinga, men under der var det ein del forandringar, spesielt i 26″.

20″
Franskmann Vincent Hermance (Koxx) vann andre runde av verdscupen i 20″-kategorien, som vart arrangert denne helga i Val d’Isère. Etter å ha vunne finalen, klarde han å behalde leiinga gjennom superfinalen og vann med fire straffepoeng framfor spanjolen Abel Mustieles Garcia (Monty) og ni poeng framfor regjerande verdsmester Benito Ros (Koxx). Fjerdemann i superfinalen var franskmannen Marius Merger.

Tross dette er første året for Hermance med 20″, har han allereie klart å ta spanjolene nesten kvar gong. «Eg hadde ein god start med 20″. Eg trur andreplassen i EM var bra for meg, det var ein oppkvikkar. Eg byrjar endeleg å få kontroll over denne sykkelen og det er kjekt å kjempe om sigeren med spanjolene. Mitt gode resultat, og resultatene til Merger og Courtes (Theau red. anm.) beviser at franskmennene kan presse nivået på 20″ òg», sa Hermance etter konkurransen.

Artikkelen held fram under videoen.

Her ser du Vincent Hermance i seksjonen med vatnet:

«Konkurransen min var ikkje så bra som forventa. Eg hadde to tabbar i første runde, og eg er ikkje nøgd med prestasjonen min. Men, eg gjorde det bra i Superfinalen, noko som tryggar meg», sa Mustieles.

«Eg er ikkje så god som eg pleide å vere, men dette har ingenting å gjere med kneskaden min. Eg får ikkje trent slik eg vil, men eg skuldar ikkje på noko. Eg saknar min tidlegare fysikk og eg trur eg gjorde mitt beste idag, sett bort i frå tabben i seksjonen med vatnet. Seksjonane favoriserer syklistar med høgre fot fram, men eg gjer mitt beste likevel», sa Ros.

26″
I høljeregnet tok igjen regjerande Europa- og verdsmester Gilles Coustellier (Koxx) sigeren under andre runde av verdscupen i 26″. Han slo to andre syklistar som for første gong var på pallen. Etter ein tett kamp, var det belgiske Iciar van den Bergh (Koxx) som kom på andre, framfor franskmann Aurelien Fontenoy (Inpulse). Fjerdeplassen gjekk til franske Nicolas Vuillermot (TMS).

Kanadiske John Webster hadde ein tøff finale, og kom ikkje til superfinalen. «Ingenting gjekk bra, eg er framleis sliten etter reisinga. No skal eg vere i Frankrike fram til verdscupen i Antwerpen, Belgia. Eg håpar det går betre der».

Det var ingen endring i resultatet frå finale til superfinale, likt som i 20″. Coustellier vann konkurransen utan mykje problem. Han gjorde det bra i alle seksjonar utanom siste. «Det var eit bra ritt, med fine seksjonar. Men, eg er skuffa over å gjere same feilen tre gongar på rad i same seksjon. Kvar gong eg kom på toppen, byrja dekkene å skli. Det er uheldig. Det var bra publikum blei igjen til siste seksjon, tross det regna særs mykje», kommenterte verdsmesteren.

Artikkelen held fram under videoen.

Her ser du Gilles i seksjonen med vatnet:

Belgiske Iciar van den Bergh kom på pallen i eit verdscupritt for første gong, og viste at han er verdig sin landsmann Kenny Belaey. Han gav ikkje opp lett, og kjempa heilt til slutten. «Mitt første podie! Det er fantastisk. Eg gjorde mitt beste, sjølv då eg ikkje følte meg bra. Seksjonen med stokkane var veldig vanskeleg, og eg ville verkeleg fullføre utan straffepoeng, men regnet gjorde det for vanskeleg. Eg er veldig nøgd med prestasjonen min», sa van den Bergh før han gjekk på pallen.

Aurelien Fontenoy fekk sin første pallplass i verdscupen òg. Han viste stor framgang frå starten på denne sesongen, men var ikkje heilt nøgd med konkurransen. «Eg er sjølvsagt veldig glad for pallplass. Men, eg er ikkje nøgd med innsatsen min, eg følte ikkje eg gjorde mitt beste. Eg gjorde to feil som kosta meg mykje. Eg hadde eit mekanisk problem og eg reiv ned ei pil. Det viktige no er å halde fram med å utvikle seg og nyte desse augneblinkane.»

Komplette resultater

20″: uci.ch

26″: uci.ch

Artikkelen er henta frå Rockyroads.net. Bileta er tatt av Kevin Chastel/Trial Inside.


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.